Reelle rettshavarar
Sist oppdatert: 8. juni 2026.
Alle registreringspliktige verksemder er pliktige til å sende inn skjema med opplysningar om reelle rettshavarar til Register over reelle rettshavarar.
Dette gjeld også sjølv om verksemda
- ikkje har reelle rettshavarar
- er under oppløysing
- ikkje har aktivitet, eller
- er registrert på børs
Les meir om kva som gjeld for dei ulike organisasjonsformene.
Frist for registrering
Alle registreringspliktige verksemder må registrere reelle rettshavarar innan 14 dagar etter at verksemda
- blei registrert i eit offentlig register
- fekk nye reelle rettshavarar eller andre endringar har skjedd
Registeret kjem til å ilegge dagbøter (tvangsmulkt), dersom registreringsplikta ikkje blir følgd opp.
Ofte stilte spørsmål
Reelle rettshavarar er fysiske personar som i siste instans eig eller kontrollerer ei verksemd. Ei verksemd kan ha ein, fleire eller ingen reelle rettshavarar.
Nei, vi har ikkje moglegheit til å gi ei utsetting på fristen.
Ja, alle verksemder som ikkje er registrert sletta må sende inn skjemaet (for å unngå dagbøter). Plikta fell først bort når verksemda er sletta frå Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Du kan sjekke om verksemda di er sletta på verksemdsopplysningar.
Nei, skjemaet for reelle rettshavarar finst berre digitalt på altinn.no. Det finst fleire måtar å få sendt inn skjemaet:
- Rekneskapsførar og revisor kan sende inn skjemaet på vegner av dykk.
- Nokre fagsystem har laga løysing for å sende inn skjemaet. Dersom de bruker fagsystem, kan de høyre om det er mogleg å sende inn gjennom dei.
Alle som er registrert med ei rolle i Einingsregisteret, kan skaffe seg elektronisk ID. For å sende inn skjemaet, treng du minimum sikkerheitsnivå 3 på innlogginga, som tilsvarar MinID. Slik skaffar du deg elektronisk ID (digdir.no).
Leiinga, rekneskapsførar og revisor kan sjekke i innboksen til verksemda i nye Altinn om:
- ho har fått eit vedtaksbrev og ei registerutskrift med registrerte opplysningar om reelle rettshavarar
- skjemaet Registrering av reelle rettshavarar ligg under Sendt. I den gamle versjonen av Altinn ligg det under arkiv.
Dersom du ikkje finn nokon av delane, har antakeleg ikkje verksemda sendt inn opplysningane. Vi kan ikkje sjekke det for dykk, sidan opplysningane er unntatt offentlegheit.
Ja, det sjekkar du på Mi side.
De må vurdere om det er nokon som utøver aksjonærrettane som gjer at dei blir reell rettshavar.
Dersom det er det, kan dei registrerast som reelle rettshavarar, og så kan de oppdatere eventuelle endringar seinare.
Dersom det ikkje er nokon som har ein slik rett, kan de
- registrere at verksemda ikkje har reelle rettshavar, dersom det var den eine personen som var reell rettshavar
- registrere dei andre reelle rettshavarane utan å melde nokon knytt til dei aktuelle aksjane, dersom det er fleire reelle rettshavarar
og så kan de oppdatere eventuelle endringar seinare.