Protokoll frå generalforsamling i bustadbyggelag
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Bustadbyggelaget skal skrive protokoll (referat) frå generalforsamlinga.
Generalforsamlinga er bustadbyggelaget sitt øvste organ. Det er andelseigarane som har møte- og stemmerett her. Bustadbyggelaget skal halde ordinær generalforsamling innan utgangen av juni kvart år. Alle andre generalforsamlingar er ekstraordinære generalforsamlingar.
Du kan sladde delar av protokollen ved behov, så lenge minstekrava ikkje er overstrokne og kan kontrollerast av oss.
Kva opplysningar skal protokollen innehalde
Protokollen skal minst innehalde opplysningar om
- kva bustadbyggelag som held generalforsamling
- kva dato generalforsamlinga blei halden
- kor mange andelseigarar som var representerte
- generalforsamlinga si godkjenning av innkallinga
- vedtak som er gjort på generalforsamlinga
Protokollen skal vere signert av møteleiar og minst ein annan person som var til stades.