Registreringsplikt i Føretaksregisteret for NUF
Sist oppdatert: 1. juli 2026.
Utanlandske føretak som driv næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel skal vere registrert i Føretaksregisteret.
Næringsverksemd er verksemd som er eigna til å gi avkastning, og har ei viss varigheit og omfang. Føretaket ditt driv næringsverksemd dersom det har ei omsetning på 50 000 kroner eller meir i løpet av ein periode på 12 månader, og drifta går føre seg i meir enn 90 dagar.
Verksemd i Noreg
Eit utanlandsk føretak må drive næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel for å få registreringsrett i Føretaksregisteret. Det er ikkje nokon klar grense for når eit føretak blir rekna å drive verksemd i Noreg.
- Har føretaket tilsette i Noreg?
- Inngår føretaket avtalar/kontraktar i Noreg?
- Har føretaket varelager i Noreg?
- Har kunden eit inntrykk av å handle med eit føretak i Noreg?
- Blir tenesta utført i Noreg?
Det er ikkje eit vilkår for registrering i Føretaksregisteret at føretaket har norsk forretningsadresse.
- føretak som berre driv med rein kapitalplassering i Noreg
- føretak som er deltakar i norske føretak
- føretak som driv netthandel der handelen ikkje primært er retta mot norske kundar, og kor føretaket ikkje har varelager eller tilsette i Noreg
- føretak som treng organisasjonsnummer for å opprette norsk bankkonto
Registreringsplikt i Register over reelle rettshavarar
Når eit norskregistrert utanlandsk føretak blir registrert i Føretaksregisteret, blir føretaket samtidig registreringspliktig i Register over reelle rettshavarar. Fristen for å melde opplysningar om reelle rettshavarar i det digitale skjemaet i Altinn, er 14 dagar etter at føretaket er registrert i Føretaksregisteret. Dersom registreringsplikta ikkje blir følgd opp, vil Register over reelle rettshavarar ilegge dagbøter (tvangsmulkt) til føretaket.