Korleis slettar eg eit hefte?
Sist oppdatert: 23. oktober 2020.
Ønsker du å slette eit hefte som er registrert hos oss, har vi gjort eit forsøk på å hjelpe deg med det du måtte lure på.
Kven som helst kan ikkje be om å få fjerna eit hefte, og det er ulike framgangsmåtar avhengige av type hefte.
Salspant, leasing eller pantedokument for næringsdrivande
Du må ta kontakt med den som har pantet, for eksempel i eit køyretøy, ofte ein bank. Det er den som har pantet som må sende slettemelding til oss for å få fjerna heftet.
Utleggspant eller arrest
Du må kontakte prosessfullmektig i saka. Prosessfullmektig er dei som representerer saksøkar og dermed sender slettemelding. Saksøkar kan også sende inn slettemelding sjølv.
Inkje til utlegg eller utleggstrekk(trekk i lønn/trygd)
Du må kontakte prosessfullmektig eller namsmannen i saka. Det er namsmannen som sørger for sletting.
Gjeldsordning
Du må kontakte namsmannen og be dei sende slettemelding til oss.
Når du betaler eit krav der det er tinglyst pant, vil det alltid gå litt tid før heftet blir sletta. Den som er panthavar må først sende slettemelding til oss. Det tar normalt tre til fem arbeidsdagar frå vi har mottatt slettemeldinga til heftet er sletta hos oss. Når heftet er sletta, sender vi melding til kredittopplysningsbyråa om dette.
Du finn informasjon om dette på nettsidene til Kartverket. Det er dei som har ansvar for tinglysing i fast eigedom.
Lausøyreregisteret slettar hefte automatisk når rettsvernstida er ute. For dei fleste dokumenttypar skjer dette 20 år etter tinglysing. Utleggspant blir sletta automatisk fem år etter tinglysing. Opplysingar om utleggstrekk blir sletta når trekkperioden er slutt. Inkje til utlegg blir sletta tre år etter at utleggsforretninga blei halden.
Salspant, leasing eller eit pantedokument for næringsdrivande
Du må skrive på originaldokumentet at det skal slettast. Du må skrive under dokumentet og sende det i posten. Om du ikkje har originaldokumentet, må du ta kontakt med Lausøyreregisteret for informasjon.
Utleggspant eller arrest
Du kan skrive at heftet skal slettast på panteattesten som du fekk frå oss då pantet vert tinglyst. Dersom det kjem fram fleire hefte av panteattesten, så pass på at du skriv på den sida der heftet du skal slette står. Har du ikkje panteattesten, kan du skrive eit brev. Brevet må innehalde nok informasjon til at vi veit kva sak det gjeld. Gi helst opp dagboknummer. Du må skrive under dokumentet og sende det i posten.
Slettemelding må du sende til
Brønnøysundregistera
Lausøyreregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund