Reservasjon mot telefonsal og adressert reklame

Sist oppdatert: 23. november 2017 .

Du kan reservere deg mot telefonsal og å få direkte adressert reklame i posten.

Alle som sender ut reklame retta mot privatpersonar som kundar, pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret minst ein gang i månaden.

Du vil fortsatt kunne få reklame frå dei du har eit eksisterande kundeforhold til, som for eksempel bank, forsikring, bokklubb, med vidare. Du kan bli sletta frå slike lister om du ber om det, men da må du ta kontakt med kvart enkelt selskap for å få namnet ditt og adressa di stroken.

Ordninga gjeld for privatpersonar

Næringsdrivande verksemder og andre juridiske personar (for eksempel enkeltpersonføretak) kan ikkje reservere seg.

Uadressert reklame

Om du vil reservere deg mot uadressert reklame, ta kontakt med Posten Norge AS. Du finn også meir informasjon på Forbrukarombodet sine nettsider.

Ofte stilte spørsmål om Reservasjonsregisteret

Er eg reservert mot telefonsal?

Om du loggar deg inn på Reservasjonsregisteret på denne sida, kan du sjekke om du er registrert mot telefonsal og kva telefonnummer du har lagt inn.

Må eg oppdatere reservasjonen min?

Nei, det treng du ikkje. Når du har reservert deg, så er det ikkje nødvendig å oppdatere reservasjonen. Du er reservert heilt til du eventuelt vel å ikkje vere reservert lenger.

Eg er reservert, men blir fortsatt kontakta. Kva kan eg gjere?

Der du har eit aktivt kundeforhold, som for eksempel til bank, forsikring og bokklubb med vidare, så kan dei framleis kontakte deg. Det same gjeld marknadsundersøkingar.

Om det er nokon som kontaktar deg i strid med reservasjonen din, så kan du ta kontakt med Forbrukarombodet for å klage på marknadsføringa.

Kvifor blir eg ringt opp i samband med marknadsundersøkingar, sjølv om eg er reservert?

Sjølv om du er reservert mot telefonsal og marknadsføring frå frivillige organisasjonar vil du framleis kunne få førespurnader som gjeld marknadsundersøkingar, sidan dette ikkje blir rekna som direkte marknadsføring. Du kan kontakte den enkelte verksemda som driv med marknadsundersøkingar og be om å bli sletta frå det lokale adresseregisteret deira.

Kan eg reservere meg mot reklame frå politiske parti?

Nei, du kan ikkje reservere deg mot dette i Reservasjonsregisteret. Reservasjonsretten gjeld berre mot reklame som er eit forsøk på å selje noko eller be om økonomisk støtte. For meir informasjon om regelverk om dette, sjå nettstaden til Forbrukarombodet.