Opplysningar for bruk i direkte marknadsføring

Sist oppdatert: 28. september 2018 .

Verksemder som bruker adresselister til direkte reklame, har sjølv ansvaret for å få oppdatert adresselistene mot Reservasjonsregisteret.

Selskap og organisasjonar som bruker adresselister til direkte reklame, har eit sjølvstendig ansvar for å få oppdatert adresselistene mot Reservasjonsregisteret. Dei pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret seinast ein månad før bruk.

Vilkår for å få data frå Reservasjonsregisteret:

  • Opplysningane frå Reservasjonsregisteret kan bare bli brukt til å oppdatere register som skal bli brukt i direkte marknadsføring.
  • Det må opplysast om dataa skal bli brukt til oppdatering av eige register, eller om mottakaren også skal oppdatera andre sine register.
  • Mottakaren som også skal oppdatere andre sine register, må dokumentere at det er sendt melding til Datatilsynet i samsvar med personopplysningslova §31.
  • Mottakaren må oppfylle personopplysningslova sitt krav om datasikkerheit og internkontroll, jamfør personopplysningslova §§13 og 14.

Levering av opplysningar frå Reservasjonsregisteret blir regulert av standardavtale:

Vi viser også til forskrift om Reservasjonsregisteret

Prisar

Du kan bestille eingongslevering eller abonnement på data frå Reservasjonsregistret. Heile registret inngår ved kvar levering.

Prisar for tilgang til Reservasjonsregisteret er:

  • dagleg oppdatering (abonnement) av eige registert: 24 600,- kroner per år
  • dagleg oppdatering (abonnement) av eige og andre sine register: 65 000,- kroner per år
  • enkeltkjøp av datasett, eige register: 2 100,- kroner for kvart kjøp

Prisane blir regulert 1. januar kvart år.

Levering og teknisk beskriving

Fil kan leverast via SFTP. Ei detaljert teknisk beskriving, som viser innhaldet i filene vi leverer, kan sendast ved førespurnad.

Ta kontakt med oss om du ønsker å få tilsendt ei testfil som viser korleis filene er oppbygd.

Bestilling

For å få tilgang til opplysningar frå Reservasjonsregisteret må avtalen fyllast ut, signerast og sendast til Brønnøysundregistera med post eller e-post.

Om du har spørsmål om uthenting av data frå Reservasjonsregisteret kan du kontakte Brønnøysundregistera, telefon 75 00 75 00 eller e-post: firmapost@brreg.no.