Trus- og livssynssamfunn

Sist oppdatert: 22. desember 2017 .

Om du ønsker å melde deg inn eller ut av eit trus- eller livssynssamfunn, må du ta kontakt med det aktuelle samfunnet. Det same gjeld om du feilaktig står oppført som medlem. Vi registrerer ikkje inn- og utmeldingar i trus- og livssynssamfunna.

Du kan ta kontakt med oss for å bestille informasjon som viser om du er registrert som medlem av eit eller fleire trus- og livssynssamfunn. Dette gjer du ved å kontakte oss på telefon og gi opp fødselsnummeret ditt. Opplysningane blir sende i brev til den folkeregistrerte adressa di. Du vil ikkje kunne få utlevert opplysingane på telefon.

Opplysningane våre blir oppdaterte ein gong i året og omfattar ikkje løpande inn- og utmeldingar.

Vi gjennomfører ein årleg kontroll av medlemslister som gir grunnlag for utbetaling av statlege og kommunale tilskott til samfunna.