Trus- og livssynssamfunn
Sist oppdatert: 17. desember 2025.
Brønnøysundregistera har ansvar for å kontrollere medlemslister frå trus- og livssynssamfunn som søker statlege tilskot.
Kvart år sender samfunna – med unntak av Den norske kyrkja – inn lister med fødselsnummer for medlemmene dei krev tilskot for, i samsvar med trussamfunnslova. Vi samanliknar desse listene med Folkeregisteret, Den norske kyrkja sitt medlemsregister og andre trus- og livssynssamfunn. Formålet med kontrollen er å sikre eit korrekt grunnlag for utbetaling av statlege tilskot.
Opplysningane våre blir oppdaterte ein gong i året og omfattar ikkje løpande inn- og utmeldingar.
Du finn opplysningane dine på Mi side
Du finn oversikta over medlemskapa dine i trus- og livssynssamfunn ved å logge deg inn på Mi side. Du kan også ringe oss for å bestille informasjon som viser om du er registrert som medlem av eit eller fleire trus- og livssynssamfunn. Barn som har fylt 15 år, ber sjølv om innsyn. Dei kan logge seg på Mi side eller ringe oss for å få innsyn i opplysningane.
Barn under 15 år
For å få innsyn i medlemskap til eigne barn under 15 år, må du ta kontakt med oss på telefon 75 00 75 00, mellom kl 9-12 på kvardagar. Medlemskapsopplysningane vil deretter bli sendt i brev til barnet si folkeregistrerte adresse.
Inn- og utmelding gjer du hos det aktuelle trus- og livssynssamfunnet
Dersom du ønsker å melde deg inn eller ut av eit trus- eller livssynssamfunn, må du ta kontakt med det aktuelle samfunnet. Det same gjeld dersom du feilaktig står oppført som medlem. Vi registrerer ikkje inn- og utmeldinger i trus- og livssynssamfunna.