Utleggspant
Sist oppdatert: 19. november 2025.
Når namsmannen tar ei avgjerd om utleggspant i lausøyre, skal pantet registrerast i Lausøyreregisteret.
Utleggspant er når ein som skyldar pengar ikkje har betalt gjelda si, og kreditor får rett til å ta pant i noko skyldnaren eig, for eksempel køyretøy eller anna av verdi. Det er namsmannen som vurderer om det skal bli tatt utleggspant hos skyldnaren.
Utleggspant skil seg frå frivillig pant ved at skyldnaren ikkje treng å godta det sjølv.
Når det blir tatt utleggspant i lausøyre som ikkje kan bli registrert i eit realregister, blir utleggspantet tinglyst i Lausøyreregisteret. Utleggspantet blir tinglyst på skyldnaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer for å få rettsvern. Informasjonen er offentleg tilgjengeleg ved oppslag i søketenesta vår.
Dersom skyldnaren ikkje gjer opp for seg etter at det er tatt utleggspant, kan formuesgoda det er tatt pant i bli leverte tilbake til kreditor eller tvangsselt. Dersom det blir tatt utleggspant i eit køyretøy, og det blir tvangsselt, blir salgssummen brukt til å dekke det opphavlege kravet.
Namsmannen sørger for at utleggspantet blir tinglyst i Lausøyreregisteret. Vi må motta følgande opplysningar:
- kva namsmann som har avgjort utleggspantet
- tidspunkt for avgjerda
- prosessfullmektige sitt organisasjonsnummer, fødselsnummer/d-nummer eller namn og adresse
- saksøkte (skyldnar) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- saksøkar (kreditors) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom saksøkar er utanlandsk person eller føretak, skal namn og adresse i utlandet vere oppgitt
- beløpet det blir tatt utleggspant for
- kva formuesgode det blir tatt utleggspant i
- namsmannen si underskrift i original, enten på sjølve avgjerda (namsboka) eller i oversendingsbrevet, dersom utleggspantet blir sendt inn per post
Kreditor eller prosessfullmektige til kreditor, kan be om re-tinglysing av utleggspantet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 5 år.
Dette blir gjort ved å sende inn ei laus erklæring med melding om at rettsstiftelsen skal re-tinglysast. Erklæringa må innehalde dokumentnummer eller liknande, som tydelig viser kva utleggspant det gjeld.
Utleggspantet blir sletta når saksøkar eller prosessfullmektig sender inn melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil utleggspantet bli sletta 5 år etter registrering, når rettvernstida for tinglysinga er over.
Det er gebyrfritt å tinglyse utleggspant.
Ofte stilte spørsmål
Det er namsmannen som avgjer at det skal bli tatt utleggspant, og som sender dette til tinglysing i Lausøyreregisteret.
Dersom du er ueinig i at det er tatt utleggspant i eigedelane dine, må du derfor kontakte namsmannen. Det same gjeld dersom du meiner det er tatt utleggspant i eigedelar du ikkje er eigar av.
Dersom det er registrert eit utleggspant på deg, eller verksemda di, som du meiner skulle vore sletta, må du ta kontakt med prosessfullmektig i saka, og be dei sende inn ei slettemelding til oss.
Når vi får slettemelding frå prosessfullmektig, blir utleggspantet normalt sletta same dag.
Logg deg inn på Mi side på brreg.no. for å sjå kven som er prosessfullmektig og saksøkar. Merk at verksemder må bestille utskrift av denne informasjonen ved å ta kontakt med oss på telefon.
Når eit utleggspant blir sletta i Lausøyreregisteret, skal det også bli sletta hos kredittopplysningsverksemdene.
Dersom utleggspantet er sletta i Lausøyreregisteret, men framleis blir brukt som ei opplysning hos kredittopplysningsverksemdene, må du ta kontakt med dei aktuelle kredittopplysningsverksemdene og be dei slette opplysningane dei har registrert hos seg.
Kva som er registrert på deg i Lausøyreregisteret, finn du på Mi side på brreg.no.
Hen kan skrive at utleggspantet skal slettast på registerutskrifta som hen fekk frå oss da pantet blei tinglyst.
Har hen ikkje registerutskrifta, kan hen skrive eit brev. Brevet må innehalde tilstrekkeleg informasjon til at vi kan identifisere kva sak det gjeld. Det bør innehalde:
- dokumentnummer
- skyldnaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer
- registreringsnummer dersom det er tatt utleggspant i køyretøy
Slettemeldinga må vere originalt underskriven, og sendast til:
Brønnøysundregistera
Lausøyreregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund