Straffeprosesshefte
Sist oppdatert: 19. november 2025.
Når det er vedtatt straffeprosesshefte i nokon sine eigedelar, skal heftet registrerast i Lausøyreregisteret.
Straffeprosesshefte betyr at retten kan «fryse» eigedelar – som for eksempel ein bil eller bankkonto – dersom nokon er mistenkte for ei straffbar handling. Dette blir gjort for å sikre at verdiane ikkje forsvinn før saka er avgjort, og at det er midlar å ta av dersom det seinare blir aktuelt med inndraging eller erstatning.
Dette er altså eit midlertidig tiltak – ikkje ei straff – og det betyr ikkje at personen er dømt. Det handlar om å sikre verdiar mens saka pågår.
Straffeprosesshefte kan bli tatt i eit kvart formuesgode som det kan bli tatt utleggspant i, for eksempel køyretøy, bankkonto eller anna av verdi.
Når det blir tatt straffeprosesshefte i lausøyre som ikkje kan registrerast i eit realregister, skal heftet tinglysast i Lausøyreregisteret. Straffeprosessheftet blir tinglyst på skyldnaren sitt fødselsnummer eller organisasjonsnummer for å få rettsvern, og informasjonen er offentleg tilgjengeleg ved oppslag i søketenesta vår.
Påtalemyndigheita eller domstolen sørger for at straffeprosessheftet blir registrert i Lausøyreregisteret. Vi må få følgande opplysningar:
- kva opprettar (domstol eller påtalemyndigheit) som har vedtatt straffeprosessheftet
- tidspunkt for avgjerda
- kven som krev tinglysinga (typisk domstol eller påtalemyndigheit)
- sikta sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- beløp det blir tatt hefte for
- formuesgode det blir tatt straffeprosesshefte i
- påtalemyndigheita si eller domstolen si underskrift i original, enten på sjølve avgjerda eller på oversendingsbrevet
Påtalemyndigheita eller domstolen kan be om re-tinglysing av straffeprosessheftet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 2 år. Dette blir gjort ved å sende inn ei laus erklæring med melding om at rettsstiftelsen skal re-tinglysast. Erklæringa må innehalde dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva straffeprosesshefte det gjeld.
Påtalemyndigheita eller domstolen sørger for at straffeprosessheftet blir sletta. Heftet fell bort når påtalemyndigheita fråfell det, eller når retten avgjer det fordi grunnlaget for det er falt bort. Straffeprosessheftet fell også bort dersom sikta blir frifunnen ved rettskraftig dom for det kravet som dannar grunnlaget for heftet, eller når saka er endeleg lagt bort.
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil straffeprosessheftet bli sletta 2 år etter registrering, når rettvernstida for tinglysinga er over, føreset at det ikkje er re-tinglyst.
Det er gratis å registrere straffeprosesshefte i Lausøyreregisteret.
Ofte stilte spørsmål
Det er påtalemyndigheita eller domstolen som avgjerd straffeprosessheftet, og som har bedt om tinglysing i Lausøyreregisteret. Dersom du er ueinig i at det er tatt hefte i eigedelane dine, må du derfor ta kontakt med påtalemyndigheita eller domstolen. Det same gjeld dersom du meiner det er tatt hefte i eigedelar du ikkje er eigar av.
Dersom det er registrert eit straffeprosesshefte på deg eller verksemda di som du meiner skulle vore sletta, må du ta kontakt med påtalemyndigheita eller domstolen som har vedtatt straffeprosessheftet, og be dei sende inn ei slettemelding til oss.
Kven som har vedtatt straffeprosessheftet finn du ved å logge deg inn på Mi side på brreg.no.
Når vi får slettemelding frå påtalemyndigheita eller domstolen, blir straffeprosessheftet normalt sletta same dag.