Fråtaking av rettsleg handleevne
Sist oppdatert: 19. november 2025.
Når nokon er fråtatt den rettslege handleevna si, skal verjemålet tinglysast i Lausøyreregisteret.
Når nokon blir fråtatt den rettslege handleevna si, betyr det at dei ikkje lenger kan inngå juridisk bindande avtalar – for eksempel ta opp lån. Dette skjer for å beskytte personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting, ikkje klarar å ta vare på eigne interesser.
Dette skil seg frå alminneleg (frivillig) verjemål, der den som har verje framleis har rett til å ta eigne avgjerder.
Det er kun når nokon er fråtatt den rettslege handleevna, at dette skal tinglysast i Lausøyreregisteret. Alminneleg verjemål skal ikkje tinglysast.
Tingretten sørger for at dom om fråtaking av rettsleg handleevne blir tinglyst i Lausøyreregisteret.
Dersom det først er tatt midlertidig avgjerd om fråtaking av rettsleg handleevne, sørger Statsforvaltaren for tinglysing av den midlertidige fråtakinga. Vi må få følgande opplysningar:
- namn og/eller organisasjonsnummer på opprettar av fråtakinga (verjemålsmyndigheit eller domstol)
- tidspunkt for vedtak/dom om fråtaking
- om avgjerda er midlertidig eller «varig»
- namn og fødselsnummer/d-nummer på personen som er tatt frå den rettslege handleevna
- om mogleg om verjemålet gjeld økonomiske og/eller personlege forhold
- namn og fødselsnummer/d-nummer på verje, dersom denne opplysninga finst
- eventuell tidsavgrensing dersom fråtakinga er meint å vare for ein gitt periode
- verjemålsmyndigheita eller domstolen si underskrift i original, enten på sjølve vedtaket/dommen eller på oversendingsbrevet
Ei eventuell midlertidig avgjerd om fråtaking av den rettslege handleevna gjort av Statsforvaltaren, blir erstatta av tingretten si avgjerd når saka er endeleg avgjort der.
Tingretten skal sørge for sletting dersom retten opphever avgjerda om fråtaking av den rettslege handleevna. Statsforvaltaren kan også bestemme at personen ikkje lenger skal vere fråtatt den rettslege handleevna, og sørge for sletting.
Dersom fråtakinga er tidsavgrensa, vil fråtakinga automatisk bli sletta når perioden er over.
Det er gratis å registrere fråtakinga av rettsleg handleevne i Lausøyreregisteret.
Aktuelt regelverk
Verjemålslova § 22 (lovdata.no)