Pant i båt
Sist oppdatert: 28. juli 2021.
Hos oss kan du sjå om det er tinglyst tvangspant i båtar som ikkje er registrerte i Skipsregisteret.
For å sjekke desse opplysningane må du bestille ein panteattest i nettbutikken vår på fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret til eigaren av båten. Panteattesten er gratis om du vel å få den på e-post.
Vi registrerer ikkje pant i båtar som er registrerte i Skipsregisteret. Derfor må du undersøke dette hos dei. Du finn informasjon på nettsidene til Sjøfartsdirektoratet.
Frivillig pant i båtar som ikkje er registrerte i Skipsregisteret finst det ikkje noko register over.