Kunngjeringar frå Partiregisteret
Sist oppdatert: 2. desember 2024.
Partiregisteret kunngjer vedtak om registrering av nye partinamn, endring av partinamn, samanslåing av parti under nytt namn og vedtak frå partilovnemnda.
Kunngjering blir normalt gjort innan tre dagar etter at den aktuelle opplysninga er registrert i Partiregisteret.
Kunngjeringa inneheld namn og organisasjonsnummer for partiet.
Kunngjeringa inneheld opplysningar om
- nytt og tidlegare partinamn
- organisasjonsnummer
- dato for opphøyr av vern for det tidlegare partinamnet.
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer
- nytt partinamn
- tidlegare partinamn og organisasjonsnummer for dei partia som deltar i samanslåinga
- dato for opphøyr av vern for det tidlegare partinamnet
Kunngjeringa inneheld opplysning om:
- det sletta partinamnet
- om partiet som hadde partinamnet framleis er registrert i Partiregisteret under anna namn, og eventuelt organisasjonsnummer for partiet
- nærmare opplysningar om bakgrunnen for slettinga av partinamnet
Kunngjeringa inneheld opplysning om at klagenemnda har fatta vedtak, og referanse til namn og organisasjonsnummer for det partiet vedtaket gjeld.
Veit du namnet på partiet, kan du søke direkte på namn eller organisasjonsnummer på kunngjeringssidene våre. Eller du kan søke i avansert søk, vel Politiske partier under kunngjeringstype.