Abonnement på informasjon frå Lausøyreregisteret
Sist oppdatert: 10. juli 2023.
Det er mogleg å abonnere på periodiske utskrifter frå Lausøyreregisteret og Akvakulturregisteret.
Dette gjeld kredittopplysningsføretak som har konsesjon for verksemda si.
Tenestene omfattar levering av dei fleste dokumenttypar som blir tinglyste i Lausøyreregisteret og Akvakulturregisteret, både på organisasjonsnummer, fødsels-/D-nummer, og registrerings-/løyvenummer.
- Pris for eitt års oppdatering frå Lausøyreregisteret er kr 100 000,-.
- Pris for eitt års oppdatering frå Akvakulturregisteret er kr 24 000,-.
- Vilkår for levering av masseutskrifter blir regulerte av standard rammeavtale.
- Vilkår for abonnement blir regulert av standard rammeavtale.
- Du må signere og sende inn både standardavtale og underavtale for å få tilgang til tenesta
- Du kan sende avtalen til oss via e-post eller post.
Periodiske utskrifter blir leverte med dagleg oppdatering på ein SFTP-konto for deg. Oppdateringsfilene er baserte på fast feltlengd. Her finn du komplett recordbeskriving og oversikt over dokumenttypar som inngår (PDF).
For meir informasjon om tenest, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.