Ver oppmerksam på svindelforsøk
Det skjer ganske ofte at aktørar ringer deg som nettopp har registrert eller endra opplysningar i registera våre.
Dei som ringer gir inntrykk av at dei ringer frå oss, og tilbyr tenester du ikkje treng. Du får gratis rettleiing hos oss.
- Vi tar aldri kontakt med deg på telefon, sms eller e-post og spør om kredittkortinformasjon, kopi av pass, førarkort eller kontonummer.
- Skal du registrere noko eller endre opplysningar i registera våre, må du vere logga inn via ID-porten med Bank-ID.
Useriøse aktørar
Brønnøysundregistera har mottatt klagar på aktørar som tilbyr rådgiving om registreringar hos oss. Ein vi har fått fleire førespurnader om, er Global Corporate Services (GCS Europe). Du treng ikkje betale ein privat aktør for å registrere eller endre opplysningar hos oss.
Er du usikker på om det er Brønnøysundregistera som har kontakta deg, ta kontakt med kundeservice hos oss.