Spennande oppgåver og gode ordningar
Sist oppdatert: 4. april 2024.
Hos oss får du jobbe med mange dyktige og engasjerte kollega i eit lærevillig miljø. Vi jobbar mykje i team på tvers av fagområde.
Vi er ein uformell gjeng med eit godt arbeidsmiljø. Saman skal vi lage dei beste tenestene som gjer kontakten med det offentlege enklare. Til det treng vi mange dyktige medarbeidarar med forskjellig bakgrunn og ulik kompetanse.
Blant anna deg som har kompetanse innan:
- IT-systemutvikling, arkitektur, sikkerheit, test, drift og forvaltning
- Informasjonsforvaltning
- Juss
- Visuell kommunikasjon, UX-, interaksjon- og tjenestedesign
- Prosjekt- og prosesskompetanse
- Digitalisering, innovasjon og forretningsutvikling
Inkludering og mangfald
For oss er mangfold ein styrke! Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Har du behov for tilrettelegging, ordnar vi det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, er ikkje det til hinder om du har riktig kompetanse. Kryss av for dette i søknaden. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Gode ordningar
Vi har fleksibel arbeidstid med gunstige moglegheiter for avspasering. Frå 15. mai til 14. september har vi sommartid (8-15). God balanse mellom arbeidstid og fritid.
Utfordrande arbeidsoppgåver bidrar til god fagleg læring og for oss er kunnskapsdeling i det daglege arbeidet ein viktig suksessfaktor. Vi har gode ordningar for kompetanseauke, både i forhold til prosjektarbeid og deltaking på kurs og seminar. I tillegg har vi ei veldig god stipendordning der tilsette kan søke om økonomisk stønad til etter- og vidareutdanning.
BRUng er eit kompetanseutviklingstiltak for medarbeidarar som er 35 år og yngre, og som primært har høgare utdanning. Programmet skal bidra til at unge medarbeidarar blir meir synlege som ressursar i organisasjonen, blir tryggare på seg sjølve og den kompetanseressursen dei er for Brønnøysundregistera.
Temaa i BRUng er knytt til ny teknologi, nye samarbeidsformer, innovasjon og nyskaping. På samlingane vekslar vi mellom foredrag, diskusjonar, paneldebattar, gruppearbeid og arbeid med konkrete casar gjennom såkalla sprintar. Programmet går over omlag seks månader.
Alle tilsette har to timar i veka dei kan bruke til valfri trening i arbeidstida. I lokala i Brønnøysund har du tilgang til gratis trimrom.
Vi har ein aktiv velferdskomite som arrangerer ulike aktivitetar gjennom året, også eigne aktivitetar for nytilsette. Fotball, innebandy og symjing er dei faste aktivitetane i bedriftsidrettslaget.
Om du som nytilsett treng bustad, kan vi hjelpe deg å finne det. I nokre tilfelle kan vi også gi flyttegodtgjersle.
Som tilsett er du medlem av Statens pensjonskasse, som er ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg. Der får du tilgang til eit av markanden sine beste bustadlån. Gjennom Statens pensjonskasse er du også forsikra med gruppelivs- og yrkesskadeforsikring.
Vi har gode ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar, med og utan lønn. Det er også mogleg å få permisjon til studiar og vidareutvikling.