Trainee-stillingar – Trainee Helgeland
Sist oppdatert: 26. september 2024.
Nyutdanna og eventyrlysten?
Vi samarbeider med Kunnskapsparken Helgeland om traineestillingar innan fleire fagområde som for eksempel IT systemutvikling, design og analyse.
For å vere kvalifisert til å søke må du ha bachelor- eller mastergrad frå universitet/høgskule, ikkje ha meir enn tre års relevant arbeidserfaring etter fullført studie eller vere eldre enn 32 år. Som trainee får du også delta på eit kompetanseprogram som blant anna består av praktisk leiarkurs, bedriftsbesøk, ambassadørkurs og studietur. Søknadsfristen er 1. mars kvart år.