Bu i Brønnøysund
Sist oppdatert: 25. september 2024.
Brønnøysund er ein hyggeleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod.
Fly og kollektiv
Byen har gode kommunikasjonar med mange flyavgangar. Det er daglege flyavgangar til og frå Trondheim (ca 35 minutt), Bodø (ca 45 minutt) og til Oslo (ca 1,30 time) i sommarhalvåret. Hurtigruta legg til kai dagleg både på tur nordover og sørover. I tillegg har vi hurtigbåt som tar deg ut til Vega, Ylvingen og nabobyen vår Sandnessjøen.
Byliv
Som regionsenter byr Brønnøysund på eit godt utval av butikkar. Vi har fleire gode restaurantar med spennande lokalmat, utestader med konsertscene og quiz, kafear og eit yrande småbåtliv om sommaren.
Musikk og kultur
Brønnøysund har eit godt og breitt musikk- og kulturliv. Kvar sommar blir Rootsfestivalen arrangert med både nasjonale og internasjonale artistar. Vi har jazzklubb, bibliotek, kulturskule, barneteater, rockeverkstad og fleire kor og korps. Du kan også gå på kino og besøke ulike galleri.
Aktivitetar og friluftsliv
For deg som er glad i naturen er Brønnøysund ein perfekt base for å kome seg ut. Det er kort veg til flotte naturopplevingar på land, i fjellet og i skjergarden.
Området er eit toppturmekka både sommar og vinter. Det er kort veg til Lomsdalen-Visten nasjonalpark og både norske og svenske vintersportstader er innan rekkevidde. Det er også mange fine turløyper nære sentrum og landemerket vårt Torghatten er heilt unikt og må besøkast.
Regionen er tilrettelagd for øyhopping med sykkel og vi har Vegaøyan verdsarvområde like utanfor stuedøra. Brønnøysund har ein aktiv sjøsportklubb som driv med kajakk, segling og roing.
Brønnøysund har også to treningssenter, fleire idrettslag og klatrehall.
Familieliv
Vi har eit godt oppvekstmiljø med full barnehagedekning. Vi har to vidaregåande skuler. Det er mange fritidstilbod å velje i for barn og unge. Korte avstandar gir deg meir tid i kvardagen, og bustadprisane er lågare enn i storbyane – og ja, vi har raskt internett frå fiber! Les meir på Brønnøy kommune sine nettsider.