Kapittel 5: Vurdering av framtidsutsikter
Sist oppdatert: 9. oktober 2025.

Samfunnsoppdraget vårt er å bidra til auka verdiskaping gjennom å vere ein nasjonal registerførar og datakilde. Vi skal forvalte registerdata på ein måte som opprettheld tillit, gir tryggleik, orden og oversikt for næringslivet, frivillig sektor, innbyggarar og offentleg sektor. Verksemdsinstruksen framhevar at vi skal utvikle og forvalte dei registera vi til ei kvar tid har ansvaret for. Registerkvaliteten og informasjonssikkerheita i systema våre er avgjerande for å oppretthalde tillit til registera.
Vurderingane våre av framtidsutsiktene dei nærmaste åra tar utgangspunkt i analysen av dei drivkreftene som ligg til grunn for strategien vår. Vi trekker fram dei drivkreftene vi trur vil endre seg mest i åra som kjem.
Nasjonale føringar
I 2024 ga Finansdepartementet ut ei ny perspektivmelding som ser fram mot 2060. Meldingen innleier med – ”Velferdsmodellen er et felles prosjekt som vi skal verne om og videreutvikle”.
Noreg har lenge vore og er framleis eit av verdas best land å leve i. Vi har moglegheiter til å utvikle oss, bidra og skape verdiar. Tilliten i samfunnet er høg, og vi lever lenge. Dette er gode utviklingstrekk for eit land, men det betyr også auka utgifter. Med færre innbyggarar i arbeidsfør alder og ei befolkning som lever lengre, blir det kamp om arbeidskraft og trongare økonomisk. Moglegheiter så vel som utfordringar møter Brønnøysundregistera som ei følge av utviklinga. Sjølv om perspektivmeldinga drøftar langsiktige utfordringar i norsk økonomi, er hovudutfordringar som blir belyste viktige for oss som arbeidsgivar og tillitsaktør i samfunnet.
Den nye digitaliseringsstrategien kom i 2024 og gir tydelege føringar om auka bruk av KI og datadriven forvaltning. Denne føringa har vi allereie tatt inn i ny strategi, med ein eigen ambisjon om forsvarleg bruk av KI og eit særskilt fokus på dette i verksemdsplanen for 2025.
Politisk uro
Verda er prega av komplekse utfordringar og moglegheiter som sett sitt preg på offentleg sektor og samfunnet som heilskap. Geopolitiske spenningar, klimaendringar og rask teknologisk utvikling bidrar til eit landskap i konstant endring. I denne nye verkelegheita er tillit, transparens og rettferd avgjerande, og rolla vår som ein trygg og innovativ samfunnsaktør blir stadig viktigare. Evna vår til å levere trygge, stabile og pålitelege tenester er avgjerande for tilliten til tenestene våre.
Ut frå dei nasjonale opne trusselrapportane frå EOS-tenesta, og våre eigne trusselvurderingar ser vi at trusselbildet er meir komplekst og aukande. Risikobildet krev handling og vi må i mykje større grad vere bevisst risiko i samfunnet vårt. Auka informasjonssikkerheit vil derfor vere viktig også i åra framover.
At halve verda gjekk til val i 2024 er eit fenomen som vil få store politiske, økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar, både på kort og lang sikt. Politisk skifte i USA kan skape usikkerheit, som igjen påvirkar globale marknadar og investeringsklimaet. Dette kan også påverke økonomien til Noreg, særleg olje- og energimarknaden.
Med norsk næringsliv som sin største brukar får dette også konsekvensar for oss. Evna vår til å forenkle og digitalisere vil bidra til auka produktivitet og effektivitet i samfunnet og gjennom det, kunne frigjere kapasitet til å løyse samfunnskritiske oppgåver.
Økonomisk utvikling
Det økonomiske handlingsrommet i offentleg sektor blir meir krevjande i åra framover. Dette vil påverke oss gjennom auka forventningar til omstilling i takt med endra økonomi. Som følge av større grad av automatisering og mindre manuell saksbehandling, står vi overfor store krav til endra arbeidsmetodar. Evna til å oppretthalde akseptable saksbehandlingstider samtidig som vi gjennomfører store prosjekt, er utfordrande. Auka digitalisering vil ytterlegare forsterke behovet for auka digital sikkerheit. Parallelt med denne utviklinga, aukar behovet for drift og forvaltning av tekniske løysingar. Eitt eksempel er behovet for å drifte to plattformer i ein overgangsperiode. Evna til å omstille organisasjonen til prioriterte oppgåver og sikre effektiv ressursbruk vil vere svært viktig i åra framover.
Teknologisk utvikling og digitalisering
Digitaliseringa av offentleg sektor opnar for eineståande moglegheiter til å tilby meir effektive og tilgjengelege tenester. Med ein automatiseringsgrad på 74 prosent er vi godt på veg mot ambisjonen vår om 100 prosent digitale tenester, men denne utviklinga stiller også krav til å oppretthalde høg datakvalitet. Etter kvart som teknologien utviklar seg, blir også kriminelle aktørar flinkare til å utnytte svakheiter i offentlege register. Dette gjer arbeidet med å sikre robuste og pålitelege system enda viktigare.
Bruken av kunstig intelligens (KI) og automatisering har allereie vist seg å forbetre saksbehandling, dataanalyse og førebygging av økonomisk kriminalitet. Vi ser på KI som eit kraftfullt verktøy for å levere betre tenester, samtidig som vi legg stor vekt på forsvarleg og etisk bruk.
Vi ser ein auke i behovet for etterfølgande kontroll og analysar av registerkvaliteten.
Det inneber å utvikle robuste mekanismar som sikrar at automatiserte avgjerdsprosessar fungerer. Spesielt ser vi på ein utvida bruk av sjølvforsterkande KI, der algoritmar kontinuerleg lærer og forbetrer seg. Dette opnar for automatisering av enda meir komplekse oppgåver, men stiller samtidig krav til nye kontrollfunksjonar. Personvernvern og datasikkerheit er sentrale prioriteringar og vi må kontinuerleg overvake avgjerdsgrunnlaget, algoritmane og modellane for å sikre at avgjerder er sporbare, pålitelege og etisk forsvarlege.
Automatisering vil ikkje berre endre kva oppgåver vi utfører, men også korleis vi jobbar. Hybrid samhandling mellom menneske og maskiner vil bli den nye normalen, og arbeidsplassar må bli tilpassa for å utnytte styrkane til begge. Den raske utviklinga av KI-agentar og potensialet for kunstig generell intelligens (AGI) forsterkar behovet for å opplyse avgjerdstakarar om moglege konsekvensar for norske verksemder. Det er avgjerande å balansere samspelet mellom menneske og teknologi, slik at oppgåveutføringa held fram med å vere både påliteleg og etisk forsvarleg. Hybrid samhandling mellom menneske og maskiner krev nye kontrollmekanismar og leiingsstrategiar for å oppretthalde pålitelegheit, personvern og tilliten til samfunnet.
Tenestene våre inngår i ei større verdikjede som omfattar både offentleg og privat sektor. Behovet for betre koordinering mellom aktørane har auka i takt med den aukande kreativiteten hos kriminelle aktørar. Vi har dei siste åra identifisert eit betydeleg behov for styrka etterkontroll, tettare samarbeid mellom etatar og privat næringsliv, og auka datadeling for å førebygge økonomisk og arbeidslivskriminalitet.
Vidare vil integrerte digitale økosystem i offentleg sektor i aukande grad bli ein del av større, heilskaplege system som involverer både offentlege og private aktørar. Slike samarbeid på tvers av sektorar vil vere nødvendig for å tilby meir saumlause, brukarvenlege tenester til alle brukarane våre.
Ulike generasjonar i arbeid samtidig stiller nye krav til leiing
Generasjonen vi kallar ”born digital” har andre forventningar og krav til oss som arbeidsgivar enn tidlegare generasjonar. Dei har alltid vore digitale og er den første ”alltid tilkobla” generasjonen. Det inneber at dei tar i bruk teknologi på ein svært effektiv måte og har forventningar om kontinuerlege tilbakemeldingar og anerkjenning. Vi står midt i eit større generasjonsskifte i arbeidsstokken. Skiftet bidrar til ulike forventningar hos dei tilsette, og nye krav til leiing. Vi er bevisste rolla vår som arbeidsgivar og vil bruke leiingsformer som fremmer endringsdugleik, som legg til rette for samskaping, fleksibilitet og innovasjon. Med dette reknar vi med å vere godt rusta for generasjonsskiftet.
Med lov skal verda reddast
Magnus Lagabøte sin landslov var kanskje forut for si tid med sitt kjente sitat: «Med lov skal landet bygges, og ikke med ulov ødes». På same måte bruker EU lovverket som eit verktøy for å bygge ein sterk og velfungerande union. Nye forskrifter og direktiv frå EU påverkar i stor grad arbeidet vårt, og stiller auka krav til evna vår for omstilling, implementering og effektiv ressursbruk. Vi skal utnytte handlingsrommet i dagens regelverk og bidra aktivt til at regelverket blir meir digitaliseringsvennleg.
Lovendringane utfordrar ikkje berre kapasiteten vårt, men også handlingsrommet vårt, ettersom vi må tilpasse nasjonale løysingar til felleseuropeiske standardar og krav. Dette påverker korleis vi utfører samfunnsoppdraget vårt. Vi skal sørge for høg kvalitet i register og data, og bidra i arbeidet med å førebygge økonomisk kriminalitet og fremje openheit i næringslivet. Å holde tritt med EU si lovgivning krev tett samarbeid med andre offentlege aktørar, kontinuerlig utvikling av tenestene våre og ein fleksibel organisasjon som er i stand til å møte framtidige krav og forventningar.
Digitale verksemdslommebøker
Digitalisering gir oss nye moglegheiter til å auke openheita og forbetre tilgangen til informasjon. Dei seinare åra har vi prioritert utforsking av digitale verksemdslommebøker for å vurdere korleis denne teknologien kan bidra til sikrare og betre datadeling i sanntid. Utforskinga viser at digitale lommebøker kan legge til rette for sikrare, meir transparente og effektive transaksjonar. I strategien vår framhevar vi at denne teknologien ikkje berre vil transformere måten vi utviklar tenester på, men også korleis vi handterer og beskyttar data – noko som er avgjerande i ei stadig meir digitalisert verd.
Den digitale lommeboka skal bli ein kjernekomponent i ei enklare og meir effektiv digital samhandling med offentlege myndigheiter. Ho vil fungere som ei tillitsplattform som gjer det mogleg for verksemder å samhandle både seg imellom og med offentlege administrasjonar på tvers av landegrenser. For oss er satsinga på digitale lommebøker ein strategisk prioritet som støttar denne europeiske utviklinga. Teknologien vil bidra til å redusere administrative byrder for norske verksemder, forbetre kvaliteten på registerdata og sikre ei meir straumlinjeforma tilpassing til internasjonale krav og standardar. Dette vil ikkje berre auke konkurransekrafta til norske selskap, men også styrke Noreg sin posisjon i det europeiske digitale økosystemet. Potensialet i denne teknologien er stort, og EU har løfta dette høgt på agendaen gjennom eIDAS 2.0. Dette er eit område vi må fortsette å utforske i fellesskap med våre norske, nordiske og europeiske kollegaer.
Berekraft
Samfunnet står overfor vedvarande utfordringar som demografiske endringar, økonomisk press og det grøne skiftet. Vi er bevisste på rolla vår med å legge til rette for ei berekraftig framtid. Vi vil kunne bruke investeringar i registerplattform og system- og plattformtenking for å drive en økosystemtilnærming til berekraftsrapportering. Denne tilnærminga vil bygge på lov- og forskrifter til å innhente, behandle og sikre dataa for å drive nye forretningsmodellar.
Framtida vår
Med ein omfattande digitaliseringsportefølje er vi godt posisjonerte for å møte framtidas krav og forventningar. Strategien vår for 2024-2026 fokuserer på å styrke tilliten i samfunnet gjennom innovasjon, sikkerheit og forenkling. Vi skal ikkje berre tilpasse oss endringar – vi skal drive dei fram.