Endre opplysningar for lag eller foreining
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Dersom du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på laget eller foreininga di, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.
Ny forretningsadresse/besøksadresse
Dette er gate- eller besøksadressa til foreininga. Normalt er dette ei gateadresse, eller eit stadnamn på mindre plassar. Dersom foreininga har eit lokale/klubbhus eller samlingsstad, blir gjerne denne adressa brukt. I tillegg kan ein registrere ei postadresse.
Hugs at vedtektene for foreiningar som er registrerte i Føretaksregisteret må endrast dersom foreininga endrar forretningsadresse til ny kommune.
Ny postadresse
Dersom du ønsker posten send til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse. Dersom det ikkje finst eigen postkasse som er godt merka med namnet til foreininga, kan ein gjerne bruke c/o-adresse. Då er du sikker på at posten kjem fram. I dømet under blir brev til foreininga sendt til kontaktpersonen si postkasse.
Brønnøysund idrettslag
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Brønnøysund
Når foreininga har valt nytt styre, skal dette meldast i Samordna registermelding.
Hugs å ha etternamnet og fødselsnummeret på styremedlemmane og varamedlemmene tilgjengeleg før du begynner.
Hugs å melde samtlege styremdlemmer og varamedlemmer i skjemaet.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjemaet at:
- styret er gyldig valt av foreninga sitt årsmøte eller anna komptent organ
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøvar og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Nyvalde styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet ved å signere i skjemaet.
Du registrerer signatur ved å sende inn Samordna registermelding.
Når du skal registrere signatur, må du legge ved protokoll frå årsmøtet eller styremøtet som viser tildeling av signatur, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet
Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er tildelt, og om den er gitt «i fellesskap» eller «kvar for seg».
Du registrerer prokura ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Når du skal registrere prokura må du legge ved protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tildeling av prokura, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet
Det å gå tydeleg fram av dokumentasjonen at prokura er tildelt, og om han er gitt «i fellesskap» eller «kvar for seg».
Det bli berre registrert prokura på næringsdrivande foreiningar i Føretaksregisteret.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og foreininga blir varsla.
Endringar som krev at du må sende inn protokoll eller annan dokumentasjon, lastar du opp som vedlegg til skjemaet Samordna registermelding i Altinn.