Vedleggskrav for lag eller foreining
Sist oppdatert: 13. januar 2026.
Vi krev ein del dokumentasjon når du skal registrere ei foreining eller eit lag for første gong.
Vi må vere sikre på at opplysningane som blir melde er korrekte. Offentlege og private aktørar bruker informasjonen som blir registrert hos oss. Dei må kunne stole på at den er kontrollert og godkjend.
Dokument du må legge ved når du skal registrere eit lag eller ei foreining er
- Stiftelsesdokument. Dersom stiftelsesdokument ikkje finst, kan du istaden legge ved årsmøteprotokoll eller annan dokumentasjon som stadfester at foreininga eksisterer.
- vedtekter
Val av styre blir dokumentert ved å erklære i skjemaet at:
- styret er gyldig valt av foreininga sitt årsmøte eller anna kompetent organ
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøvar og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Dersom foreininga skal ha revisor eller rekneskapsførar må dei bekrefte i Samordna registermelding at dei tar på seg valet.
Hugs å signere i skjemaet.
Sjå eksempel på stiftelsesdokument for lag eller foreining (pdf)