Grasrotandelen
Grasrotandelen gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi delar av spelarinnsatsen til ei frivillig verksemd.
Registrering i Frivilligregisteret er eit vilkår for å kunne ta imot midlar via grasrotandelen.
Det første du må gjere er å sørge for at verksemda di er registrert i Einingsregisteret før du kan søke om å bli registrert i Frivilligregisteret.
Kven kan delta i grasrotandelen?
- For å få rett på midlar frå grasrotandelen kan aktiviteten berre bli driven på lokalt eller regionalt nivå, i eit avgrensa geografisk område.
- Det betyr at aktiviteten som blir driven er avgrensa, for eksempel innafor ein bestemt kommune, eit fylke eller ein region. Ikke nasjonalt.
- Foreininga si drift og aktivitet skal hovudsakeleg bli driven av personar som jobbar frivillig
- Verksemda kan ha enkelte tilsette, for eksempel dagleg leiar eller ein vaktmeister, men den frivillige innsatsen må vere større enn lønna arbeid.
- At verksemda ikkje utfører oppgåver for det offentlege. Det betyr at den driv aktivitetane sine på eige initiativ, basert på medlemsengasjement og frivillig innsats, ikkje som ein del av ein avtale med det offentlege.
I tillegg må den aktiviteten som skal drivast vere av ein bestemt art. Avgrensingane er for det meste, men ikkje utelukkande, basert på den kategoriseringa som blir registrert i Frivilligregisteret.
Organisasjonar som driv si hovudverksemd innanfor ein av desse kategoriane kan ta del i grasrotandelen:
-
1 – Kultur og rekreasjon
- Kunst og kultur
- Idrett
- Rekreasjon og sosiale foreiningar
-
4 – Sosiale tenester
- Sosiale tenester
- Krisehjelp og støttearbeid
- Økonomisk og materiell stønad
-
5 – Natur- og miljøvern
- Natur- og miljøvern
- Dyrevern
-
7 – Politiske- og interesseorganisasjonar
- Interesseorganisasjonar
- Juridisk rådgiving
-
8 – Legater og fremme av frivilligheit
- Pengeutdelande stiftelsar
- Frivilligsentralar
-
9 – Internasjonale organisasjonar
- Internasjonale organisasjonar
-
10 – Trus- og livssynsorganisasjonar
- Trus- og livssynsorganisasjonar
-
12 – Andre
- Andre
-
13 – Barne- og ungdomsorganisasjonar
- Barne- og ungdomsorganisasjonar
-
14 – Mangfald og inkludering
- Mangfald og inkludering
-
3 – Helse
- Andre helsetenester
Kan delta i grasrotandelen, men ikkje dei organisasjonane som driv sjukehus, rehabilitering, sjukeheim, psykiatriske institusjonar, pleieheim eller nokon form for private helseklinikkar.
-
6 – Bustad- og lokalmiljø
- Lokalsamfunnsutvikling
- Bustad- og lokalmiljø
Kan ikkje delta i grasrotandelen. Unntak gjeld for velforeiningar der verksemda ikkje kjem privatøkonomiske interesser til gode.
-
7 – Politiske- og interesseorganisasjonar
- Politiske organisasjonar
Kan delta i grasrotandelen, men ikkje dei organisasjonane som utgjer politiske parti. Politiske parti sine ungdomsorganisasjonar kan likevel delta.
-
11 – Yrkes-, bransje- og fagforeiningar
- Næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjonar
- Yrkessamanslutningar
- Arbeidstakerorganisasjonar
Kan ikkje delta i grasrotandelen. Unntak gjeld for elev- og studentorganisasjonar, som likevel har rett til å delta.
-
2 – Utdanning og forsking
- Grunn- og vidaregåande utdanning
- Høgskole og universitet
- Annan utdanning
- Forsking og utvikling
Organisasjonar som driv primærverksemda si innanfor hovudkategorien utdanning og forsking kan ikkje delta i grasrotandelen.
-
3 – Helse
- Sjukehus og rehabilitering
- Sjukeheim
- Psykiatriske institusjonar
-
6 – Bustad og lokalmiljø
- Arbeidsoppløring
Det finst fleire avgrensinger for deltaking i grasrotordninga. Desse finn du i grasrotforskrifta på Lovdata.no.
Krav om kontonummer
Dersom organisasjonen din skal delta i grasrotandelen, må kontonummeret til organisasjonen registrerast i Frivilligregisteret.
Er kontonummeret feil, slik at Norsk Tipping ikkje får utbetalt grasrotandelen, vil verksemda di miste retten til opptente midlar.
Dersom organisasjonen ikkje deltar i grasrotandelen, eller av andre grunnar ikkje er pålagt å registrere kontonummeret i Frivilligregisteret, er det valfritt å registrere kontonummer.
Grasrotandelen blir forvalta av Norsk Tipping
Du kan lese meir om denne ordninga på Norsk Tipping sine nettsider.