Endre opplysningar for lag eller foreining
Sist oppdatert: 4. juni 2026.
Dersom du ønsker å gjere endringar på den informasjonen som er registrert på laget eller foreininga di, kan du gjere dette ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn
Ny forretningsadresse/besøksadresse
Dette er gate- eller besøksadressa til foreininga. Normalt er dette ei gateadresse, eller eit stadnamn på mindre plassar. Dersom foreininga har eit lokale/klubbhus eller samlingsstad, blir gjerne denne adressa brukt. I tillegg kan ein registrere ei postadresse.
Hugs at vedtektene for foreiningar som er registrerte i Føretaksregisteret må endrast dersom foreininga endrar forretningsadresse til ny kommune.
Ny postadresse
Dersom du ønsker posten send til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse. Dersom det ikkje finst eigen postkasse som er godt merka med namnet til foreininga, kan ein gjerne bruke c/o-adresse. Då er du sikker på at posten kjem fram. I dømet under blir brev til foreininga sendt til kontaktpersonen si postkasse.
Brønnøysund idrettslag
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Brønnøysund
Når foreininga har valt nytt styre, skal dette meldast i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Hugs å ha etternamnet og fødselsnummeret på styremedlemmane og varamedlemmene tilgjengeleg før du begynner.
Hugs å melde samtlege styremdlemmer og varamedlemmer i skjemaet.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjemaet at:
- styret er gyldig valt av foreninga sitt årsmøte eller anna kompetent organ
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøvar og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Nyvalde styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet ved å signere i skjemaet.
Du registrerer signatur ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er tildelt, og om den er gitt «i fellesskap» eller «kvar for seg».
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer signaturretten ved å erklære i skjemaet at:
- signaturrett er gyldig vedtatt av foreininga sitt årsmøte eller anna kompetent organ
- det finst ein protokoll som viser siste vedtatte signaturrett og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Det bli berre registrert prokura på næringsdrivande foreiningar i Føretaksregisteret.
Du registrerer prokura ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Når du skal registrere prokura må du legge ved protokoll frå styremøtet eller årsmøtet som viser tildeling av prokura, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet
Det å gå tydeleg fram av dokumentasjonen at prokura er tildelt, og om han er gitt «i fellesskap» eller «kvar for seg».
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer prokura ved å erklære i skjemaet at:
- det finst ein protokoll som viser gyldig vedtak om prokura og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krejve å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og foreininga blir varsla.
Endringar som krev at du må sende inn protokoll eller annan dokumentasjon, lastar du opp som vedlegg i skjemaet.
Kan du ikkje bruke digitalt skjema?
Du kan laste ned skjemaet (PDF), fylle det ut og sende det i posten. Det kan ta vesentleg lengre tid å behandle saker som blir sende i posten.