Konsernmelding
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Konsernmelding skal berre leverast om verksemda inngår i konsern.
Grunnlaget for registreringa er direkte eller indirekte eigarandel, eller etter avtale eller stemmerettar.
Det er den øvste konsernmora som er ansvarleg for å sende inn konsernmeldingane, men det er også mogleg for andre i konsernet å gjere det.
Før opp innsendar om det er ein annan enn verksemda som er oppført i felt 2. Innsendar vil få tilbakemelding om registreringa i Einingsregisteret. Det same vil også andre verksemder i konsernstrukturen med norsk adresse.
Før opp konsernmor med organisasjonsnummer, namn og eigarforhold. Er morføretaket eit utanlandsk føretak, må du i tillegg fylle ut side 3.
Kryss av i feltet for «ny verksemd i konsern» om meldinga gjeld nye verksemder i eksisterande konsern eller nytt konsern som ikkje er registrert i Einingsregisteret tidlegare.
Kryss av i feltet for «endring i konserntilhøve» om meldinga gjeld andre endringar i konsernstrukturen, for eksempel endra eigardel eller grunnlag.
Kryss av i feltet for «konserntilhøvet er avvikla» om verksemda har gått ut av konsernet.
Før opp datterføretak med organisasjonsnummer, namn og eigarforhold. Er nokon av konserndøtrene utanlandske føretak, må du i tillegg fylle ut side 3. Bruk fleire skjema om det er for få felt. Om verksemda også skal melde fleire nivå, må du bruke eit nytt skjema for kvart nivå.
Kryss av i feltet for «ny verksemd i konsern» om meldinga gjeld nye verksemder i eksisterande konsern eller nytt konsern som ikkje er registrert i Einingsregisteret tidlegare.
Kryss av i feltet for «endring i konserntilhøve» om meldinga gjeld andre endringar i konsernstrukturen, for eksempel endra eigardel eller grunnlag.
Kryss av i feltet for «konserntilhøvet er avvikla» om verksemda har gått ut av konsernet.
Plass for eventuelle merknader, for eksempel opplysningar om indirekte eigarforhold eller avtale.
Om skjemaet blir lasta opp som eit vedlegg til ei elektronisk utfylt Samordnet registermelding, er det nok at meldinga er elektronisk signert.
Om skjemaet blir sendt i posten, skal det underskrivast av dagleg leiar, forretningsførar eller annan kontaktperson for den verksemda som er ført opp i felt 2 i skjemaet.
Vi kan ikkje godta ein kopi, eller at skjemaet er signert digitalt.
Om nokre av dei utanlandske føretaka ikkje er registrerte i Einingsregisteret og heller ikkje er pliktige til å registrere seg, for eksempel utanlandske føretak som ikkje driv aktivitet i Noreg, må følgande opplysningar bli melde på side 3 i skjemaet eller på eige ark:
- namn
- adresse i heimlandet
- elektronisk varslingsadresse (e-post) til det utanlandske føretaket
- organisasjonsnummer i heimlandet
- organisasjonsform i heimlandet
- føretaksregister i heimlandet
- adresse til det utanlandske føretaksregisteret
Om verksemda har eit organisasjonskart som viser konsernstrukturen, kan du legge dette ved i staden for å fylle ut skjemaet.
Hugs å føre opp namn, organisasjonsnummer og eigarforhold på organisasjonskartet. Finst det utanlandske føretak utan organisasjonsnummer, må du også oppgi opplysningar for «Verksemder utan organisasjonsnummer».