Innsendingsplikt for indre selskap
Sist oppdatert: 28. februar 2024.
Indre selskap har eigne reglar for innsending av årsrekneskap.
Indre selskap er rekneskapspliktig på grunnlag av organisasjonsform dersom selskapet:
- har salsinntekter over 5 milloner kroner
- har 5 eller fleire årsverk (gjennomsnitt gjennom året)
- har 6 eller fleire deltakarar, eller
- ein av deltakarane er ein juridisk person med avgrensa ansvar (eksempelvis AS, ASA, BA, SA, SF, BBL og BRL)
Indre selskap kan ikkje registrere seg i Einingsregisteret og har ikkje eige organisasjonsnummer. Du kan derfor ikkje sende inn årsrekneskapen i Altinn.
Indre selskap må sende komplett årsrekneskap på e-post til Rekneskapsregisteret. Du må legge ved
- årsrekneskapen i pdf-format
- korrekt, utfylt og signert eksemplar av følgeskrivet Vedlegg til årsrekneskap
For å få eit blankt følgeskriv, må du bruke organisasjonsnummer 999 999 999. Du kan ikkje bruke internt ID-nummer for rapportering til Skatteetaten som organisasjonsnummer.