Abonnement på roller i verksemder
Sist oppdatert: 30. september 2024.
Du kan abonnere på oversikt over kven som har roller i verksemder i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Du kan velje om du vil ha opplysningar om roller frå både Einingsregisteret og Føretaksregisteret eller berre eitt av desse. Dette blir levert i to ulike filer. Filene viser totalbestanden av roller. Det er ikkje mogleg å abonnere på rolleendringar for ein spesiell periode.
Filene inneheld opplysningar om fødselsdato. Har du konsesjon frå Datatilsynet for kredittopplysningsverksemd, kan vi levere filene med opplysningar om fødselsnummer.
Opplysningar som inngår er: Organisasjonsnummer, føretaksnamn, fødselsdato/fødselsnummer/organisasjonsnummer, namn, rolle, adresse, postnummer, poststad, land, vald av, ansvar og dato.
Du kan få levert rolleopplysningar dagleg, kvar veke eller kvar månad. Vi kan avtale sjeldnare levering om det er ønskeleg.
- Levering kvar månad med rolleopplysningar frå eitt register: 5000,- (60 000,- per år)
- Levering kvar månad med rolleopplysningar frå begge registera: 10 000,- (120 000,- per år)
- Levering kvar dag/veke med rolleopplysningar frå eitt register: 10 000,- (120 000,- per år)
- Levering kvar dag/veke med rolleopplysningar frå begge registrera: 15 000,- (180 000,- per år)
- Vilkår for abonnement på roller frå Einings- og Føretaksregisteret blir regulert av standard rammeavtale.
- Du må signere og sende inn både rammeavtale og underavtale for å få tilgang til tenesta.
- Du kan sende avtalen til oss enten via e-post eller post.
Filene er kolonnebaserte og blir leverte i tekstformat. Filene kan opnast i Excel eller i ein god teksteditor. Levering føregår ved at vi opprettar ein sftp-konto for deg. Vi legg filene på denne kontoen etter avtalt leveringshyppigheit.
For meir informasjon om tenesta, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.