D-nummer
Sist oppdatert: 18. juli 2025.
D-nummer er eit nummer som kan tildelast utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer, men har eit behov for identifisering overfor norske myndigheiter.
Vi kan berre rekvirere d-nummer i dei tilfelle det er behov for d-nummer samstundes med registrering av rolleinnehavarar i Einingsregisteret og Føretaksregisteret eller i forbindelse med tinglysing av ektepakt.
På grunn av krav til originalt stadfesta fargekopi av legitimasjonsdokument ved tildeling av d-nummer, må søknaden sendast inn på papir.
Om du skal bli registrert i ei rolle, som for eksempel styreleiar eller kontaktperson, og ikkje har fødselsnummer eller d-nummer frå før, kan du søke om dette samtidig som du sender inn Samordna registermelding.
Du må sende inn Søknad om d-nummer, BR1015B, i posten, saman med originalt stadfesta fargekopi av legitimasjonsdokument og papirversjonen av Samordna registermelding med vedlegg.
Rettleiing til utfylling finn du i søknadsskjema.
Skal du bli registrert som innehavar av enkeltpersonføretak?
Personar med d-nummer skal registrerast som innehavar av enkeltpersonføretak må møte på skattekontoret for ID-kontroll før registrering.
Dette gjeld både personar som har d-nummer frå før og personar som skal søke om d-nummer i forbindelse med registreringa.
Meir informasjon om d-nummer og ID-kontroll finn du på Skatteetaten sine nettsider.
Dersom du eller ektefellen din ikkje har fødselsnummer eller d-nummer frå før, kan du søke om dette samtidig som du sender inn ektepakta for tinglysing.
Send inn ektepakta per post saman med søknad om d-nummer, BR1015B, og ein originalt stadfesta fargekopi av legitimasjonsdokument.
Rettleiing til utfylling finn du i søknadsskjema.
Om du har behov for d-nummer i andre samanhengar enn registrering i eit av våre register, må du ta kontakt med den verksemda som utløyser behovet eller krev d-nummer. Vi kan ikkje bestille d-nummer for andre behov enn ved registrering hos oss.
Les meir om kven som kan bestille d-nummer på Skatteetaten si nettside.
Det er Folkeregisteret hos Skatteetaten som tildeler d-nummer og stiller krav til innhold i legitimasjonsdokument og bekreftelser ved tildeling av d-nummer.
Om du har d-nummer frå før, skal du bruke dette ved registrering
Har du ikkje tilgang til eller har spørsmål om d-nummeret ditt, kan du ta kontakt med Folkeregisteret hos Skatteetaten.
Skatteetaten sender ut ei stadfesting på d-nummeret ditt når dei har tildelt nummeret. Stadfestinga sender dei i posten til adressa du er registrert med i Folkeregisteret.