Ny einingsregisterlov og føretaksregisterlov frå 1. januar 2026
Sist oppdatert: 18. november 2025.
Dei nye lovene påverkar blant anna kva som skal registrerast, kva dokumentasjon som skal sendast inn og kven som skal signere meldingar.
Rollene det nye regelverket gjeld:
Frå 1. januar 2026 vil det ikkje lenger vere mogleg å registrere nestleiar i Einingsregisteret. I Føretaksregisteret, kan det berre registrerast nestleiar når krav om nestleder følger av lov. Vi vil i perioden januar – mars 2026 omregistrere rolla nestleiar til styremedlem, for dei som ikkje må ha rolla nestleiar registrert.
Der vi har omregistrert rolla nestleiar til styremedlem, og nestleiar er tildelt signatur eller prokura, må verksemda melde til Einingsregisteret og Føretaksregisteret om vedtaket skal endrast eller gå ut.
Det er berre verksemder som ikkje har ein fysisk person registrert i gitte roller som skal registrere kontaktperson i Einingsregisteret. Desse rollene er styreleiar, nestleiar, styremedlem, varamedlem, dagleg leiar, forretningsførar, deltakar, innehavar, styrande reiar eller bustyrar.
Dersom verksemda har registrert kontaktperson, men også ein fysisk person i ei av dei nemnde rollene, vil vi i perioden januar – mars 2026 fjerne den registrerte kontaktpersonen.
Dersom ei verksemd som skal ha kontaktperson, har to eller fleire kontaktpersonar registrerte i dag, vil vi sørge for at det berre blir éin kontaktperson registrert.
Verksemda vil få eit brev frå oss med frist til å gi tilbakemelding på kva kontaktperson som skal halde fram med å vere registrert.
Det vil ikkje lenger vere mogleg å registrere observatørar i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. For verksemder som har rolla observatørar registrert, vil vi fjerne desse i perioden januar – mars 2026.
Dersom Einingsregisteret og Føretaksregisteret fjernar eller omregistrerer ei rolle, vil verksemda få beskjed om endringa som er gjort.
Ny rolle som må registrerast i Einingsregisteret
Dette betyr at verksemder som ikkje er registrerte i Føretaksregisteret må melde inn varamedlemmeme sine til Einingsregisteret så snart som mogleg etter 1. januar 2026.
Endringar i kven som skal signere skjemaet
Frå 1. januar 2026 er det eit krav til at fleire må gi ei signert stadfesting på at dei påtar seg rolla som dei skal registrerast i. Stadfestinga kan bli gitt ved å signere skjemaet i Altinn eller på papirskjemaet som blir sendt i posten.
Dei som skal stadfeste at dei påtar seg rolla, er:
- alle medlemmer av styret
- varamedlemmer
- daglege leiarar
- revisorar
- rekneskapsførarar
Dette gjeld både verksemder som er registrerte i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
For deltakarar i ansvarlege selskap
Nå må alle deltakarane, både nye, eksisterande og dei som trer ut, stadfeste endringar i deltakarforholdet. Stadfestinga kan bli gitt ved å signere skjemaet.
Ingen klagerett
Dei endringane vi gjer i verksemdene blir ikkje rekna som enkeltvedtak, og gir derfor ingen klagerett.
Lenker til det nye regelverket
- einingsregisterlova
- føretaksregisterlova
- forskrift til lov om Einingsregisteret
- forskrift til lov om Føretaksregisteret
- forskrift om overgangsreglar til lov 20. juni 2025 nr. 105 om Einingsregisteret og lov 20. juni 2025 nr. 106 om Føretaksregisteret
På lovdata.no får du tilgang til norske lover gratis.