Registrering av avgjerds- og gjennomføringsmelding før nyttår
Sist oppdatert: 3. september 2025.
Du må vere ute i god tid for å få registrert fusjon, fisjon, kapitalnedsetting og avvikling i Føretaksregisteret før årsskiftet.
Fusjon, fisjon, kapitalnedsetting og avvikling må du melde i to trinn, først melder du avgjerda deretter gjennomføringa.
Viktige datoar i 2025
Meldingar som blir sende digitalt
- Avgjerdssmelding må du sende innan 6. oktober.
- Gjennomføringsmelding må du sende innan 3. desember
Meldingar som må bli sende på papir
- Avgjerdssmelding må vi ha fått innan 1. oktober
- Gjennomføringsmelding må vi ha fått innan 1. desember
Datoane blir oppdaterte kvar haust.
Nokre meldingar blir behandla heilautomatisk
- gjennomføring av fusjon mellom mor/dotterselskap
- gjennomføring av fusjon mellom selskap eigd av same eigar
Dersom du sender inn fleire meldingar om gjennomføring av fusjoner på same dag, vil berre den første gå til heilautomatisk saksbehandling.