Slik registrerer du endringar på ein stiftelse
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Om du ønsker å gjere endringar på informasjonen som er registrert på stiftelsen, må du sende inn Samordna registermelding.
Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding.
Det er kompetent organ, ofte styremøtet, som vedtar nytt namn. Dette inneber ei endring av stiftelsen sine vedtekter.
Namnet må innehalde ordet «stiftelse» eller foretaksnemninga STI. Dersom stiftelsen er næringsdrivande må dette stå sist i namnet.
Vedleggskrav
Du må legge ved
- protokoll frå kompetent organ som viser vedtak om endring av namn
- oppdaterte vedtekter
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.
Ny forretningsadresse
Næringsdrivande stiftelsar:
- Forretningsadressa skal vere ei norsk gate- eller vegadresse eller eit stadnamn.
Alminnelege stiftelsar:
- Det er ikkje eit krav at ein alminneleg stiftelse skal ha ei forretningsadresse. Det er nok å oppgi ei postadresse.
Ny postadresse
Har stiftelsen registrert ei forretningsadresse, er det frivillig om du vil melde ei eiga postadresse. Om du ønsker posten sendt til ei anna adresse enn den registrerte forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.
Når det er valt nytt styre i stiftelsen, skal du melde dette i Samordna registermelding.
Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer. Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Vedleggskrav
Du må legge ved
- dokumentasjon som viser val/utnemning av nytt styre
Dokumentasjonen vil kunne variere avhengig av kven som har myndigheit til å velje styre. Her er nokre eksempel på slik dokumentasjon:
- styremøteprotokoll
- utskrift av kommunal møteprotokoll som viser oppnemning som følgje av verv
- stadfesting på verv/rolle/stilling i dei tilfella styrevervet er på bakgrunn av dette
- årsmøteprotokoll
- generalforsamlingsprotokoll
Når stiftelsen tilset dagleg leiar, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved protokoll frå styremøtet som viser tilsettinga, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Alle rolleinnehavarar trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og stiftelsen blir varslet.
Om stiftelsen vel ny revisor, skal du melde dette i Samordna registermelding. Det er kompetent organ, ofte styremøtet, som vel ny revisor.
Vedlegg næringsdrivande stiftelse
- dokumentasjon som viser val av ny revisor
Vedlegg alminneleg stiftelse
Ingen
Når stiftelsen endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet som viser tildeling av signatur, dersom heile styre ikkje har signert i skjemaet.
Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Vedtektsendring kan meldast i skjemaet Samordna registermelding.
Du kan lese meir om korleis du melder vedtektsendring i stiftelsar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Oppheving kan meldast i skjemaet Samordna registermelding.
Les om korleis du melder oppheving av stiftelsar på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.