Roller i burettslag
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Pliktige roller i et borettslag er styre og revisor.
Forretningsførar, rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eit burettslag skal ha eit styre som består av leiar og minst to styremedlemmer. Det kan i tillegg bli valt varamedlemmer. Generalforsamlinga vel styret og kven som skal vere leiar. Dette betyr at styret ikkje kan velje leiaren sin sjølv.
Når du skal registrere styre, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser valet
Styremedlemmene og varamedlemmene må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i Samordna registermelding.
Eit burettslag skal ha ein eller fleire revisorar. Revisor må vere statsautorisert. Generalforsamlinga vel revisor.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser valet
- revisor må bekrefte i Samordna registermelding at hen tar på seg oppdraget.
Burettslaget kan velje om dei skal ha rekneskapsførar eller ikkje. Om burettslaget skal ha rekneskapsførar, må du registrere dette hos oss.
Det er berre muleg å registrere autoristerte rekneskapsførarar som er registrert i Rekneskapsførarregisteret.
Rekneskapsførar må stadfeste at hen tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere rekneskapsførar, må du legge ved dokumentasjon som viser at meld rekneskapsførar er engasjert, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Eit burettslag har som hovudregel plikt til å ha forretningsførar, om ikkje anna er bestemt i vedtektene. Forretningsførar kan vere ein juridisk person, som for eksempel eit aksjeselskap, eller ein fysisk person som er 15 år eller eldre.
Dersom føretaket ikkje har fysiske personar med registrerte roller, må selskapet ha kontaktperson.
Det er ingen krav til vedlegg for å registrere forretningsførar og/eller kontaktperson.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av burettslaget i alle samanhengar.
Styret i fellesskap har i utgangspunktet signatur. Styret kan gje styremedlemmer eller forretningsførar signatur, anten kvar for seg eller i fellesskap.
Når du skal registrere signatur, må du legge ved protokoll frå styremøtet eller generalforsamlinga som viser tildeling av signaturrett, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av burettslaget i samband med den daglege drifta. Den som har prokura kan ikkje ta opp lån på vegner av eller selje burettslaget sin faste eigedom.
Styret kan gje prokura til ein eller fleire personar. Om det er fleire, må de oppgi om dei skal ha prokura kvar for seg eller i fellesskap. Avgrensingar ut over dette, som til dømes tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje bli registrert.
Prokura kan tilbakekallast av styret kor tid som helst.
Når du skal registrere prokura, må du legge ved protokoll frå styremøtet eller generalforsamlinga som viser tildeling av prokura, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.