Endre opplysningar for eit allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Dersom det skjer endringar i dei registrerte opplysningane, skal du melde dette til Føretaksregisteret. Dette gjer du ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Du registrerer nytt namn ved å sende inn skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
Det er generalforsamlinga som vedtar nytt namn. Endringa inneber endring av selskapet sine vedtekter.
Du må legge ved
- generalforsamlingsprotokoll
- oppdaterte vedtekter
På sida Korleis vel eg namn på verksemda mi? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
Ny forretningsadresse
Forretningsadressa til eit allmennaksjeselskap skal vere ei norsk gate- eller vegadresse eller eit stadnamn.
Ved endring av adresse til ny kommune, må selskapet endre vedtektene sine. Generalforsamlinga må godkjenne ei slik endring.
Ved endring til ny kommune, må du legge ved
- vedtekter
- protokoll frå generalforsamling som viser avgjerd om vedtektsendring
Ny postadresse
Dersom du ønsker posten send til ei anna adresse enn den registrerte forretningsadressa, kan du melde ho som postadresse.
Når selskapet har valt nytt styre, skal du melde dette i skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer.
Generalforsamlinga må velje styret. Nye styremedlemmer og varamedlemmer må samtykke til registreringa ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtaket
- eventuelt protokoll/dokument som viser kven dei tilsette har vald til styret
Når selskapet tilsett dagleg leiar, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved protokoll frå styremøtet som viser tilsettinga, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Når selskapet endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet eller generalforsamlinga som viser tildeling av signatur, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet
Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt, og om han er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Når selskapet har valt ny revisor, skal du melde dette i skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
Generalforsamlinga må velje revisor. Revisor må bekrefte at hen tar på seg oppdraget, dette gjer hen ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, blir rolla di merka som avregistrert. Både du og selskapet blir varsla.