Språk i vedlegg
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Hovudregelen er at dokument skal vere skrivne på norsk, samiske språk, kvensk, romani eller romanes.
Dersom dokumentasjonen ikkje er på norsk, skal det vere oppgitt
- kva delar av dokumentasjonen som dokumenterer dei opplysningane som blir melde, og
- kva språk dokumentasjonen er skriven på
Dersom dokumentasjonen er skriven på romani eller romanes, skal det leggast ved
- ei norsk oversetting av dei delane av dokumentasjonen som dokumenterer dei opplysningane som blir melde
Protokollar som dokumenterer val av styre, revisor, tildeling av signatur og liknande, kan også vere skrivne på engelsk, svensk eller dansk.
Er vi i tvil om korleis innholdet skal bli forstått, kan vi krevje at dokumentet blir omsett til norsk.