Sletting av aksjeselskap
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Sletting av eit aksjeselskap melder du i to trinn.
Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks veker er ute, kan du melde sletting.
Hovudregelen er at generalforsamlinga avgjer at selskapet skal oppløysast.
Det er ikkje sett ein absolutt frist for når du må melde oppløysinga til Føretaksregisteret, men ifølge aksjelova skal dette skje raskt.
Styret er ansvarleg for avviklinga av selskapet og trer inn for dagleg leiar når oppløysinga er vedteken.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtak om oppløysing
Generalforsamlinga vedtek at selskapet skal slettast. Dette kan dei gjere etter at kreditorfristen på seks veker er ute og forholdet til kreditorane er ordna opp i.
Ved vedtak om sletting må generalforsamlinga godkjenne det endelege sluttoppgjeret. Dette må vere revidert, hvis selskapet ikkje har registrert fråval av revisjon.
Ver merksam på at slettinga må vere meldt til Føretaksregisteret seinast eitt år etter registreringa av avgjerda om oppløysing. Går det lengre tid kan tingretten ta over avviklinga.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser at sluttoppgjeret har blitt godkjent
Generalforsamlinga kan gjere om vedtak om oppløysing, om selskapet ikkje har gjennomført utdeling eller har for lav eigenkapital.
Du må raskt melde omgjeringa til Føretaksregisteret.
Ved omgjering må generalforsamlinga også velje styre og/eller revisor eller fråval av revisjon om dette ikkje finst frå før.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om omgjering av oppløysing og eventuelt val av styre og/eller revisor eller fråval av revisjon