Sletting av aksjeselskap
Sist oppdatert: 23. februar 2026.
Når du avsluttar selskapet ditt, er det viktig at du gjer ting i riktig rekkefølge.
Hovedregelen er at generalforsamlinga avgjer at selskapet skal oppløysast. Det er ikkje sett ein absolutt frist for når du må melde oppløysinga til Føretaksregisteret, men det bør skje utan ugrunna opphald.
Styret er ansvarleg for avviklinga av selskapet og trer inn for dagleg leiar når oppløysinga er vedtatt.
Du melder oppløysing i skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
protokoll frå generalforsamlinga som viser avgjerd om oppløysing.
Når meldinga om oppløysing er registrert, vil «under avvikling» bli vist som selskapet sin status. Statusen «under avvikling» skal også gå fram av brev, faktura og andre dokument som de bruker i kommunikasjonen med andre.
Ved registrering av meldinga om oppløysing kunngjer Føretaksregisteret avgjerda om å oppløyse selskapet. I kunngjeringa blir selskapet sine kreditorar varsla om at dei må melde krava sine til styret sin leiar innen seks veker frå kunngjeringa. Namn og adresse til styreleiar står i kunngjeringa.
Alle kreditorar med kjent adresse skal om mogleg bli varsla særskilt av selskapet.
Det er fleire oppgåver du må gjennomføre hos Skatteetaten før du melder sletting av aksjeselskapet til oss.
Skatteetaten har laga ein rettleiar som viser deg dei ulike oppgåvene.
Melding om sletting skal sendast til Føretaksregisteret utan ugrunna opphald når kreditorfristen er ute og generalforsamlinga har godkjent det endelege og eventuelt reviderte avviklingsoppgjeret. Dette melder de i Samordna registermelding i Altinn. De må legge ved protokoll frå generalforsamlinga som viser at sluttoppgjeret er godkjent.
Når slettinga er registrert hos Føretaksregisteret skal de sende avviklingsrekneskapen til Rekneskapsregisteret.
Ver merksam på at sletting må vere meld til Føretaksregisteret seinast eitt år etter registreringa av oppløysingsavgjerda. Går det lengre tid kan tingretten overta avviklinga.
Generalforsamlinga kan gjere om vedtak om oppløysing, om selskapet ikkje har gjennomført utdeling eller har for lav eigenkapital.
Du må raskt melde omgjeringa til Føretaksregisteret.
Ved omgjering må generalforsamlinga også velje styre og revisor/fråval av revisjon om dette ikkje finst frå før. Da må revisor og nye styremedlemmer og varamedlemmer stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om omgjering av oppløysing og eventuelt val av styre og revisor/fråval av revisjon