Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Tvangsoppløysing

Sist oppdatert: 18. februar 2020 .

Dersom komplett årsrekneskap ikkje er sendt til Rekneskapsregisteret seinast 6 månader etter innsendingsfristen, kan dette føre til tvangsoppløysing.

Tingretten kan i slike tilfelle tvangsoppløyse følgjande føretak:

  • aksjeselskap
  • allmennaksjeselskap
  • bustadbyggjelag
  • samvirkeføretak
  • europeiske føretak

Rekneskapsregisteret legg ut melding i Altinn, og de får ny frist med 1 månad for å levere komplett årsrekneskap. Dersom de ikkje overheld fristen, kunngjer vi namna på dei føretaka som ikkje har oppfylt innsendingsplikta. I kunngjeringa får de ny frist på 4 veker.

Tingretten tvangsoppløyser føretaka

Vi informerer dei lokale tingrettane om at det er grunnlag for å tvangsoppløyse føretaka dersom de heller ikkje overheld fristen i kunngjeringa . Tingretten tvangsoppløyser føretaka utan fleire varsel.

Vi kan ikkje gi lengre frist, og forseinkingsgebyret må betalast.

Dersom de sender komplett årsrekneskap til oss etter at vi har informert tingretten, vil vi orientere tingretten om dette.

Spørsmål om lengre fristar og tilbakelevering av tvangsoppløysingsbu må rettast til tingretten.