Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Ofte stilte spørsmål om årsrekneskap

Sist oppdatert: 31. mai 2019 .

Eg får ikkje opp vedtaket i Altinn, kva gjer eg?

Du må installere siste versjon av Adobe Reader.

Du kan byte til ein annan nettlesar, for eksempel Google Chrome.

Kven skal skrive under på årsrekneskapet og årsberetningen?

Ifølge lova skal alle styremedlemmer eller deltakarar og eventuelt dagleg leiar skrive under.

Rekneskapsregisteret godkjenn årsrekneskapen sjølv om han ikkje er underskriven, fordi signering i Altinn tar vare på underskriftskravet.

Kan eg slette ein allereie innsend årsrekneskap som det er feil i?

Nei, da må du sende inn ein ny årsrekneskap.

Eg kan ikkje betale faktura frå Statens innkrevjingssentral, kva gjer eg?

Du kan ta kontakt med Statens innkrevjingssentral for å få utsetting eller nedbetalingsordning.

Kva er notar og kva skal dei innehalde?

Notar er utfyllande opplysningar til rekneskapen.

I kapittel 7 i rekneskapslova står det kva notane skal innehalde. Du skal minst opplyse om talet på tilsette, obligatorisk tenestepensjon, transaksjonar med nærståande, lån og ytingar til leiande personar og revisorgodtgjering. Aksjeselskap skal i tillegg gi opplysningar om talet på aksjar, aksjeeigarar og eigne aksjar.

Det er ikkje mogleg å laste opp filvedlegg når eg skal levere rekneskapen, kva kan eg gjere?

Du kan bytte til ein annan nettlesar, for eksempel Google Chrome.

Kva er små føretak?

Små føretak er blant anna einingar med

  • inntekter under 70 millionar
  • balansesum under 35 millionar
  • ein arbeidsstokk der talet på tilsette er under 50 årsverk

Du kan lese meir om dette i rekneskapslova § 1-6.

Eg har ikkje fått godkjend årsrekneskapen, korleis sender eg alt inn på nytt?

Du kan bruke funksjonen Lag ny kopi i Altinn. Den finn du for aktuelt skjema som ligg under arkiv i innboksen.

Endre opplysningar som er feil i skjema, slett eller legg til nødvendige filvedlegg og send inn på nytt.

Dersom rekneskapen er send inn frå fagsystem, bør du sende inn på nytt direkte frå årsoppgjersprogrammet.

Kan de hjelpe meg med skattemeldinga eller næringsoppgåva?

Du må kontakte Skatteetaten om du har spørsmål om skattemeldinga eller næringsoppgåva.