Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Registrering av fleire enkeltpersonføretak

Sist oppdatert: 7. juli 2020 .

Om du skal registrere fleire enkeltpersonføretak, må to vilkår vere oppfylte:

  • Kvart enkeltpersonføretak må drive sjølvstendig næringsverksemd.
  • Aktiviteten må drivast på forskjellige geografiske stader eller i forskjellige bransjar.

Som eit alternativ til å registrere fleire enkeltpersonføretak, kan du velje å utvide aktiviteten på det enkeltpersonføretaket du allereie har. Du må då endre dei opplysningane som er registrerte hos oss. Dette gjer du ved å sende inn Samordna registermelding.

Sjølvstendig næringsverksemd

Ved vurdering av om enkeltpersonføretaket driv sjølvstendig næringsvirksemhet, blir det lagd vekt på

  • kva aktivitet føretaket driver med og kor omfattande den er
  • kor mykje tid som går med til å drive føretaket
  • innsats av arbeidskraft
  • kor stor den økonomiske omsettinga er

Aktivitetar som blir sett på som reine eingongshendingar eller hobbyaktivitet blir ikkje definert som næringsverksemd.

Forskjellige geografiske stader

For at vi skal kunne seie at det blir drive aktivitet på forskjellige stader, må aktiviteten vere lokalisert på ulike stader.