Næringskodar

Sist oppdatert: 14. februar 2019 .

Næringskoden skal vise eininga sin hovudaktivitet, og den skal primært dekke statistiske behov for Statistisk sentralbyrå (SSB).

Registrering av næringskode

Einingsregisteret registrerer næringskode ved nyregistrering av ei eining, og endrar næringskoden hvis ei eining melder ny aktivitet eller bransje. Innan finansnæringane, store føretak/foretaksgrupper og offentleg sektor er det SSB som registrerer næringskodane, og dei blir deretter overførte til Einingsregisteret.

Dei fleste einingar skal berre ha ein næringskode, og den skal vise hovudaktiviteten til eininga.

Endring av næringskode – feil næringskode

Om eininga har feil næringskode, kan du endre aktivitet eller bransje i skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Hugs å skrive hovudaktiviteten først, då det er den som bestemmer kva næringskode eininga vil få.

Næringskodar

Næringskodane skal primært dekke statistiske behov for Statistisk sentralbyrå (SSB), og blir fastsett etter Standard for næringsgruppering. Frå 2008 er gjeldande standard kalt SN2007 og bygger på EU sin næringsstandard Nace Rev. 2.

Dette er i første rekke ein statistisk standard. Han dannar grunnlag for koding av einingar etter viktigste aktivitet i Statistisk sentralbyrå sitt verkemds- og føretaksregister, og for einingar i Einingsregisteret. Nærigskoden er ein av dei viktigaste standardane i økonomisk statistikk, og gjer det mogeleg å samanlikne og analysere statistiske opplysningar både nasjonalt og internasjonalt, og over tid.

Strukturen i NACE

Næringshovedområde – første nivå identifisert med ein bokstavkode

Næring                            – andre nivå identifisert med ein tosifra talkode

Næringshovedgruppe  – tredje nivå identifisert med ein tresifra talkode

Næringsgruppe             – fjerde nivå identifisert med ein firesifra talkode (NACE-kode)

Næringskode                 – femte nivå identifisert med ein femsifra talkode (Næringskode)

Eksempel på strukturering av næringskodane

+ F Bygge- og anleggsverksemd
41 Oppføring av bygningar
41.1 Utvikling av byggeprosjekt
41.10 Utvikling av byggeprosjekt
41.101 Bustadbyggjelag
41.109 Utvikling og sal av eigen fast eigedom elles
Bokstavkoden for næringshovudområde blir ikkje vist  i sjølve NACE-koden. I tillegg til den firesifra NACE-koden (EUs firesifra kode) er mange kodar splitta opp på nasjonalt nivå ved hjelp av eit femte siffer.

Den femsifra koden som blir brukt i Noreg heiter næringskode.