Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Korleis vel eg namn på selskapet mitt?

Sist oppdatert: 8. januar 2018 .

Her gir vi deg ei oversikt over kva du må tenke på ved val av namn.

Det er lurt å sjekke om namnet er ledig. Dette kan du enkelt gjere på navnesok.no.

Er eininga næringsdrivande og registrert i Føretaksregisteret, må du passe på at namnet

  • ikkje er identisk med eit anna namn som er registrert i Føretaksregisteret
  • inneheld minst tre bokstavar
  • ikkje er i strid med lov

Når du vel namn må du passe på at namnet

  • inneheld korrekt føretaksnemning, for eksempel må eit aksjeselskap ha med ordet «aksjeselskap» eller AS i namnet
  • ikkje er eigna til å villeie
  • ikkje er eigna til å vekke forarging, som for eksempel ved bruk av banneord

Eit enkeltpersonføretak eller eit ansvarleg selskap kan ikkje innehalde namnet til ein annan person enn namnet til innehavar eller deltakar. Namn på eit enkeltpersonføretaket skal innehalde etternamn på innehavar.

Kven kan velje namnet?

Det er kompetent organ, for eksempel generalforsamlinga i selskapet, som må vedta namnet. Om selskapet har vedtekter, selskapsavtale eller reiarlagsavtale, inneber namneendringa også endring der.

Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding. Du må legge ved

  • protokoll frå kompetent organ, for eksempel generalforsamling
  • eventuelt oppdaterte vedtekter/selskapsavtale/reiarlagsavtale

Kan eg bruke eit anna namn på selskapet mitt enn det som er registrert?

Når du marknadsfører selskapet, kan du bruke eit anna namn på selskapet enn det som er registrert. Dette namnet kan du for eksempel bruke på skilt, som logo eller domenenamn. Det registrerte offisielle namnet må likevel komme fram på alle forretningsdokument, som brev, nettsider og fakturaer.