Stønadsregisteret
Sist oppdatert: 9. januar 2026.
Reglane om offentleg stønad i EØS-avtalen set rammer for norske myndigheiter sin stønad til føretak.
Med offentleg stønad (statsstønad) meiner ein tiltak der offentlege myndigheiter bruker av midlane sine for å støtte enkelte føretak eller næringar, og der tiltaket truar med å vri konkurransen og påverke samhandelen. Desse tiltaka kan vere tilskot, eller i andre former som lån, garantiar, skatte- og avgiftsfordelar.
Stønadsregisteret skal bidra til openheit rundt stønadsordningar og enkelttildelingar av offentleg stønad (statsstønad). Openheit om bruken av offentlege midlar er viktig, både ut frå demokrati- og kontrollomsyn. Stønadsregisteret skal også sikre at dei registreringsplikter som følger av EØS-avtalen sine reglar om offentleg stønad blir overhaldne.
Hovudregelen er at statsstønad er forboden, men det finst fleire unntak. Stønadsordningar som skal registrerast i Stønadsregisteret må vere forankra i eitt eller fleire av dei følgande EØS-rettslege grunnlag:
| Statsstønadskategori | Primærrettsleg grunnlag |
|---|---|
| Bagatellmessig stønad (ny registreringsplikt frå 2026) | Kommisjonsforordning (EU) 2023/2831 |
| Gruppeunntatt stønad | Kommisjonsforordning nr. 651/2014 |
| Notifisert stønad | EØS-avtalen artikkel 61 (2) bokstav b, 61 (3) bokstav b og 61 (3) bokstav c og ESAs retningslinjer |
| Bagatellmessig stønad til føretak som utfører tenester av allmenn økonomisk betydning (ny registreringsplikt frå 2026) | Kommisjonsforordning (EU) 2023/2832 |
Bagatellmessig stønad – også kalla de minimis-stønad – er ein type offentleg stønad som er så liten at han ikkje blir rekna som å påverke konkurransen eller handelen mellom EØS-land. Derfor kan han bli gitt utan å måtte underrette EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) på førehand eller i etterkant.
Eit føretak kan få inntil 300 000 euro i stønad over tre år. Desse tre åra reknast frå dato til dato. Dette gjeld uavhengig av kven som gir stønaden eller kva han blir brukt til.
For dei fleste kommunar er det innføring av registreringsplikt for alle tildelingar av bagatellmessig stønad – uavhengig av stønadsbeløpet sin størrelse – frå 1. januar 2026, som gjer at dei må forhalde seg til Stønadsregisteret. I staden for at kvar enkelt kommune må registrere bagatellstønadsordning i Stønadsregisteret, har Stønadsregisteret på førehand oppretta to generelle bagatellstønadsordningar – ein for tildelingar etter ordinære stønadsordningar og ein for ad hoc tildelingar – som kan alle kommunar kan bruke. Alle landet sine 357 kommunar er lagt inn som stønadsgivarar på dei to ordningane.
Statlege etatar og fylkeskommunar som har bagatellstønadsordningar – ordinære eller ad hoc – må sjølv registrere desse i Stønadsregisteret. Enten ved å bruke løysinga for registrering av ny stønadsordning eller ved å legge til bagatellmessig stønad som statsstønadsrettsleg grunnlag på ei eksisterande stønadsordning, ved å bruke løysinga Endre stønadsordning.
Stønad som blir gitt etter gruppeunntaksforordninga treng ikkje å bli godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før han blir tildelt. For stønad som er omfatta av gruppeunntaksforordninga er det i staden eit krav at stønadsgivar sender ei forenkla melding til ESA gjennom Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Utfyllande informasjon frå NFD om framgangsmåten finst i artikkelen «Det alminnelige gruppeunntaket (GBER)».
ESA publiserer så dei forenkla meldingane på nettsidene sine. Her finn du informasjon du treng ved registrering av ny stønadsordning: Saksnummeret (gruppeunntaks ID) meldinga har fått hos ESA, dato og lenke til pdf-versjon av meldinga.
Alle stønadsordningar som er baserte på gruppeunntaket – ordinære så vel som ad hoc – skal registrerast i Stønadsregisteret. Dette gjeld heilt uavhengig av om eventuelle tildelingar etter ordninga vil vere av en slik størrelse at dei er pliktige til å bli melde til Stønadsregisteret. Det er berre tildelingar etter gruppeunntaket på 100 000 euro eller meir som må registrerast i Stønadsregisteret, men det er fritt fram å registrere alle tildelingar uavhengige av størrelse.
Statlege etatar, fylkeskommunar og kommunar som har gruppeunntaksordningar – ordinære eller ad hoc – må sjølv registrere desse i Stønadsregisteret ved å bruke løysinga for registrering av ny stønadsordning.
Offentleg stønad som blir tildelt etter unntaka i EØS-avtalen, artikkel 61 andre og tredje ledd, må først bli godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA), før den kan bli tildelt(bli sett i verk). Dette blir kalla iverksettingsforbodet. Stønad som er godkjent av ESA blir kalla notifisert stønad. Unntaka i EØS-avtalen, artikkel 61 andre og tredje ledd, er i mange tilfelle konkretisert gjennom ulike retningslinjer som skal sikre at stønaden er samsvarande med EØS-avtalen. Ein (pre)-notifikasjonsprosess tar lang tid. All kontakt mellom ESA og stønadsgivar skjer gjennom Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Utfyllande informasjon frå NFD om framgangsmåten finst i artikkelen «Notifikasjon av støtte til ESA».
ESA publiserer vedtak i notifikasjonssaker på nettsidene sine. Her finn du informasjon du treng ved registrering av ny stønadsordning: Saksnummeret (ESA-ID) vedtaket har fått hos ESA, dato og lenke til pdf-versjon av ESA-vedtaket.
Statlege etatar, fylkeskommunar og kommunar som har notifiserte stønadsordningar – ordinær eller ad hoc – må sjølv registrere desse i Stønadsregisteret ved å bruke løysinga for registrering av ny stønadsordning.
Forordninga opnar for å gi kompensasjon på opptil 750 000 euro utan melding til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) over ein treårsperiode til føretak som leverer tenester av allmenn økonomisk betydning. Desse tre åra blir rekna frå dato til dato. Maksbeløpet gjeld uavhengig av kven som gir stønaden eller kva den blir brukt til.
Tenester av allmenn økonomisk betydning kan definerast som visse økonomiske tenester som myndigheitene reknar som særleg viktige for innbyggarane og som ikkje vil bli leverte på ejn tilfredstillande måte av marknaden aleine. Meir informasjon finst i Nærings- og fiskeridepartementet sin artikkel om «Støtte til tjenester av allmenn økonomisk betydning (SGEI)»
Merkurprogrammet som skal sikre distrikta tilgang til nærbutikk og bokhandel forvaltar fire stønadsordningar og er eit eksempel på at stønaden blir gitt i form av bagatellmessig stønad til tenester av allmennøkonomisk betydning, jf. § 5 i Merkur-forskrifta.
Alle tildelingar av bagatellmessig stønad til tenester av allmenn økonomisk betydning – uavhengig av stønadsbeløpet sin størrelse – skal frå 1. januar 2026 meldast til Stønadsregisteret.
Stønadsgivarar som tildeler stønad etter dette statsstønadsgrunnlaget må ta kontakt med Stønadsregisteret for oppretting av stønadsordningar for rapportering av tildelingar.