Opning av rekonstruksjonsforhandling
Sist oppdatert: 17. november 2025.
Når tingretten har vedtatt opning av rekonstruksjonsforhandling, skal rekonstruksjonsforhandlinga registrerast i Lausøyreregisteret.
Opning av rekonstruksjonsforhandling er ein prosess som gir eit føretak med økonomiske problem ei moglegheit til å rydde opp i økonomien og unngå konkurs.
Her er ei enkel forklaring:
-
Økonomiske problem oppstår
Eit firma har økonomiske vansker og risikerer konkurs, men ønsker å prøve å redde verksemda.
-
Krav om rekonstruksjon
Firmaet (eller ein kreditor) ber tingretten om å opne rekonstruksjonsforhandling for å finne ei løysing på gjelda.
-
Retten vurderer
Domstolen sjekkar om vilkåra er oppfylte, og om det finst ei realistisk moglegheit for å redde firmaet.
-
Rekonstruksjon blir opna
Dersom retten godtar kravet, opnar forhandlingane. Firmaet får fortsette drifta, men under oppsyn.
-
Rekonstruktør tar over styringa
Ein rekonstruktør (ofte ein advokat) blir oppnemnd for å leie prosessen og samarbeide med firmaet og kreditorane.
-
Plan for løysing blir laga
Firmaet og rekonstruktøren lagar ein plan for korleis gjelda kan handterast, for eksempel ved å utsette betalingar, redusere gjeld eller selje eigedelar.
-
Kreditorane vurderer planen
Kreditorene får sjå planen og stemmer over han. Dersom nok kreditorar godtar, kan planen bli bindande for alle.
-
Firmaet fortsett eller går konkurs
Dersom planen blir godtatt, kan firmaet fortsette drifta. Om ikkje, kan det ende med konkurs.
Konkursregisteret sørger for at følgande opplysningar om rekonstruksjonsforhandlinga blir registrert i Lausøyreregisteret:
- domstolen sitt namn eller organisasjonsnummer
- tidspunkt for opning av rekonstruksjon
- rekonstruktøren sin tittel og namn
- skyldnar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
Merk at kunngjeringa frå Konkursregisteret inneheld meir informasjon om rekonstruksjonsforhandlinga.
Moglege utfall som avsluttar rekonstruksjonsforhandlinga, er:
-
Frivillig løysing:
Alle kreditorane godtar planen.
-
Tvangsakkord:
Fleirtalet av kreditorane godtar, og retten stadfestar planen.
-
Inga løysing:
Forhandlingane blir avslutta, og det kan bli opna konkurs.
Når rekonstruksjonen blir avslutta, sørger rekonstruktør for at dette blir notert i Konkursregisteret. Konkursregisteret sørger deretter for at opplysningar om rekonstruksjonsforhandlinga blir sletta i Lausøyeregisteret.
Det er gratis å registrere opning av rekonstruksjonsforhandling i Lausøyreregisteret.