Opning av gjeldsforhandling og gjeldsordning
Sist oppdatert: 19. november 2025.
Opning av gjeldsforhandlingar og frivillige eller tvungne gjeldsordningar for privatpersonar skal registrerast i Lausøyreregisteret.
Når det blir opna gjeldsforhandling, inneber dette eit initiativ til å inngå ein avtale om gjeldsordning. Opning av gjeldsforhandlingar blir kunngjorte for å varsle kreditorar om å melde krava sine.
Ei gjeldsordning er ein avtale om nedbetaling av gjeld i ein avgrensa periode mellom ein gjeldstyngd person og kreditorane. Avtalen betyr normalt at personen betaler ned så mykje av gjelda hen klarar i løpet av fem år. Når gjeldsordningsperioden er slutt, vil restgjelda bli sletta så lenge avtalen er følgt. Ordninga gir personen moglegheit til å få kontroll over økonomien sin.
Det finst to ulike typar gjeldsordningar:
- Frivillig gjeldsordning
– er når ein gjeldstyngd person inngår avtale med kreditorane om nedbetaling av gjelda. - Tvungen gjeldsordning
– er når kreditorene ikkje samtykkar til gjeldsordning, og ho blir bestemt av tingretten.
Hovedvilkåra for å få gjeldsordning er at skyldnaren er varig ute av stand til å betale tilbake gjelda, og at det ikkje blir oppfatta som støytande at personen får gjeldsordning.
Kravet fell bort (preklusjonsverknad) for finansføretak og verksemder som driv inkassoverksemd dersom det ikkje blir meldt innan den kunngjorte fristen.
Namsmyndigheita sender melding om opning av gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar til oss.
Opning av gjeldsforhandling
For registrering av opning av gjeldsforhandling må vi ha informasjon om:
- namn og organisasjonsnummer på den som sender inn rettsstiftelsen for tinglysing
- namn på namsmyndigheita eller domstolen som opprettar opning av gjeldsforhandling
- namsmyndigheita sitt saksnummer
- tidspunktet for opning av gjeldsforhandling
- skyldnaren sitt namn og fødselsnummer
- kven kravet skal meldast til
- informasjon om eventuelle sikra eigedelar som avgjerda særskilt omfattar
- namsmyndigheita si eller domstolen si underskrift i original, enten på sjølve vedtaket eller på oversendingsbrevet
Gjeldsordning
For registrering av gjeldsordning må vi ha informasjon om:
- namn og organisasjonsnummer på den som sender inn rettsstiftelsen for tinglysing
- namn på namsmyndigheita eller domstolen som opprettar gjeldsordninga
- om gjeldsordninga er frivillig eller tvungen
- skyldnaren sitt namn og fødselsnummer
- gjeldsordninga si varigheit
- namsmyndigheita si eller domstolen si underskrift i original, enten på sjølve vedtaket eller på oversendingsbrevet
Vi går ut i frå at opning av gjeldsforhandling allereie er registrert, før vi kan registrere gjeldsordninga. Dersom opninga av gjeldsforhandlinga ikkje er registrert, må namsmyndigheita sende inn opninga saman med gjeldsordninga for at ho skal bli registrert, elles vil saka bli avvist.
Opning av gjeldsforhandling blir automatisk sletta når
- gjeldsordningsavtale er inngått
- gjeldsforhandlingsperioden er over utan at det er inngått ein avtale
Namsmyndigheitene gir beskjed til oss når gjeldsordninga skal slettast. Har du spørsmål om sletting, må du kontakte den aktuelle namsmyndigheita.
Kunngjeringa av opninga blir sletta seinast etter eitt år.
Det er gratis å registrere opning av gjeldsforhandling og gjeldsordning i Lausøyreregisteret.
Ofte stilte spørsmål
Dersom det er registrert ei gjeldsordning på deg som du meiner skulle vore sletta, må du ta kontakt med namsmyndigheita i saka, og be dei sende inn ei slettemelding til oss.
Kven som er namsmyndigheit, finn du ved å logge deg inn på Mi side på brreg.no.
Når vi mottar slettemelding frå namsmyndigheita, blir gjeldsordninga normalt sletta same dag.
Kopi av gjeldsordningsavtaen er ikkje offentlag tilgjengelig informasjon, og han blir derfor berre gitt til ein bestemt personkrets.
Lausøyreregisteret får frå 01.01.2022 ikkje lenger sjølve avtalen. Vi oppfordrar derfor til å kontakte namsmyndigheita dersom du har behov for ein kopi av gjeldsordninga.