Kapittel 2: Introduksjon til verksemda og hovudtal
Sist oppdatert: 9. oktober 2025.

Brønnøysundregistera er underlagd Nærings- og fiskeridepartementet. Hos oss finn du mange av landet sine viktigaste register og fleire andre tenester.
Vi er ein etat som jobbar med å utvikle, samordne og effektivisere digitale og sikre løysingar. Auka informasjonssikkerheit har derfor vore eit prioritert område også i 2024.
Vi identifiserer og gjennomfører konkrete forenklingstiltak for å bidra til å oppnå regjeringa sitt forenklingsmål.
Vi sørger for orden og oversikt over opplysningar om blant anna økonomiske forhold, eigarskap og ansvar i verksemder. Det gjer at alle kan drive verksemd på ein effektiv og trygg måte.
Opplysningane frå registera våre blir brukte i offentleg, privat og frivillig sektor. Dataa våre har stor verdi, blant anna ved at dei blir brukte til å bygge tenester for andre verksemder. Dataa våre skaper også forretningsmoglegheiter og meirverdi for brukarane.
Vi forvaltar 17 register og 5 andre tenester frå 9 departement:
Nærings- og fiskeridepartementet
- Einingsregisteret
- Føretaksregisteret
- Register for offentleg stønad
- Oppgåveregisteret
- Akvakulturregisteret
- Kompensasjonsordningane for næringslivet og innreisekarantene
- E-bevis
- Tilda
- Starte og drive bedrift – Altinn
Justis- og beredskapsdepartementet
- Konkursregisteret
- Lausøyreregisteret
- Ektepaktregisteret
Finansdepartementet
- Rekneskapsregisteret
- Register over reelle rettshavarar
Barne- og familiedepartementet
- Reservasjonsregisteret
- Kontroll av medlemslister trus- og livssynssamfunn
Klima- og miljødepartementet
- EMAS-registeret (Eco-Management and Audit Scheme)
Helse- og omsorgsdepartementet
- Registeret for utøvarar av alternativ behandling
Landbruk- og matdepartementet
- Jegerregisteret
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
- Partiregisteret
- Kommunalt rapporteringsregister
Kulturdepartementet
- Frivilligregisteret
Mål og oppdrag
Samfunnsoppdraget vårt i 2024:
Vi skal bidra til auka verdiskaping gjennom å vere ein nasjonal registerførar og datakilde. Etaten vår skal forvalte registerdata på ein måte som gir tryggleik, orden og oversikt for næringslivet, frivillig sektor, innbyggarar og offentleg sektor.
I 2024 hadde Nærings- og fiskeridepartementet to hovudmål for oss:
1. Brønnøysundregistera si registerverksemd skal føre til at registrerte data i størst mogleg grad og til ei kvar tid er sikre og korrekte.
2. Brønnøysundregistera si verksemd skal føre til ei auka digital registerforvaltning og løysingar som gir auka digital samhandling med og mellom ulike aktørar i samfunnet.
I tillegg til dei faste oppgåvene som følger av samfunnsoppdraget vårt, ba Nærings- og fiskeridepartementet om at følgande område og oppdrag skulle bli prioriterte:
Auka informasjonssikkerheit, aktiv porteføljestyring, forpliktande plan for omstilling og god internkontroll, forenklingsarbeid, juridisk arbeid og ny gebyrstruktur.
Desse prosjekta skulle inngå i porteføljen vår:
• Cybersikkerheitsprogrammet
• prosjekt for ny registerplattform (BRsys)
• prosjekt brukarvennlege registertenester
• programmet Nye Altinn
• Register over reelle rettshavarar
• Registeret for offentleg stønad
Visjon og strategi
Visjonen vår er: For tillit og fornying av samfunnet
Strategien i perioden 2024-2026: Brønnøysundregistera si registerverksemd skal føre til at samfunnet har tillit til at registrerte data er sikre og korrekte. Våre registerløysingar skal føre til ei effektiv digital samhandling med næringslivet, frivillig sektor, offentleg sektor og privatpersonar.
Dette er eit samandrag. Les fullstendig årsrapport for 2024 her.