Reelle rettshavarar i stiftelsar
Sist oppdatert: 25. april 2025.
Sjekk om stiftelsen må registrere reelle rettshavarar. Svaret du får gir berre informasjon om plikta til å registrere – ikkje om det allereie er registrert opplysningar.
Dersom stiftelsen har innflytelse over næringsverksemd utanfor stiftelsen gjennom
- avtale
- eigarskap av aksjar
- eigarskap av selskapsandelar
må stiftelsen registrere om han har, eller ikkje har, reelle rettshavarar.
Nyttig å vite før registrering:
Ein reell rettshavar er ein norsk eller utanlandsk person som oppfyller eit eller fleire av kriteria:
- er styremedlemmer
- er dagleg leiar i stiftelsen
- har rett til å peike ut over halvparten av styremedlemmene
- har avgitt grunnkapital til stiftelsen
- har fått særrettar i forbindelse med opprettinga av stiftelsen
- er angitt som destinatar (personar som skal ta imot utdelingar frå stiftelsen)
Opplysningar om styret og dagleg leiar blir automatisk henta frå Einingsregisteret. Ved endring av styret og dagleg leiar, skal du berre sende inn Samordna registermelding.
Når det ikkje er noko verksemd mellom personen og den registreringspliktige verksemda, er hen reell rettshavar på direkte grunnlag.
Eksempel
Andre enn fysiske personar (verksemder) kan ha ein posisjon. Da er det dei reelle rettshavarane i verksemda, på tidspunktet der verksemda oppnådde kriteriet i stiftelsen, som er reelle rettshavarar i stiftelsen.
Eksempel:
Selskap A ga grunnkapital til stiftelsen i 2024. Dei som var reell rettshavarar i selskap A på tidspunktet i 2024 da grunnkapitalen blei gitt, er reell rettshavar i stiftelsen på indirekte grunnlag for posisjonen «Har gitt grunnkapital til stiftelsen».
På grunn av midlertidig avgrensing i den tekniske løysinga, er det ikkje mogleg å melde indirekte grunnlag. Du må derfor melde inn personen med personnummer og posisjon, utan å melde grunnlag.
Registreringspliktig verksemd eigd av stiftelsen
Dersom ei registreringspliktig verksemd er eigd av ein stiftelse, må verksemda registrere opplysningar på vanleg måte. Da skal den registreringspliktige følge vanleg rutine for vurdering og registrering av reelle rettshavarar, sidan det berre er sjølve stiftelsen som har andre reglar.
Dei fleste finn dei reelle rettshavarane i eigne dokumenr som oversikt over styremedlemmer og dagleg leder, stiftelsesdokument og vedtekter. Stort sett vil det vere tilstrekkeleg informasjon der for å dokumentere kven som er reelle rettshavarar.
Det er styret som har ansvar for å oppbevare opplysningar om kven som er verksemda sine reelle rettshavarar.
- fullt namn
- fødsels- eller d-nummer
Dersom ein reell rettshavar ikkje har fødselsnummer eller d-nummer, legg du inn fødselsdatoen. - bustadland
- alle statsborgarskap
- organisasjonsnummeret – der grunnlaget er indirekte
For dei med fødsels-/d-nummer blir fleire av dei personlege opplysningane henta frå Folkeregisteret. For desse personane skal du berre legge inn fødsels-/d-nummer og etternamn.
Du må også legge inn om personen er reell rettshavar på grunn av eigarskap, stemmerett eller rett til å peike ut eller avsette styremedlemmer, eller kontroll/innflytelse på annan måte.
Om kontrollen er direkte, indirekte eller gjennom avtalar skal også registrerast.