Roller i eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 13. mai 2025.
Pliktige roller i eit eigarseksjonssameige er styre.
Kontaktperson, forretningsførar, rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eigarseksjonssameige har vilkårsbunden revisorplikt. Dette kan du lese meir om under revisor.
Styret i eit eigarseksjonssameige skal i utgangspunktet bestå av ein styreleiar og to styremedlemmer som vert valde av årsmøtet. Hvis styret skal bestå av eit anna tal styremedlemmer, skal det gå fram av vedtektene. Årsmøtet kan også bestemme om dei skal velje varamedlemmer.
Protokollen frå årsmøtet skal minst innehalde
- namnet på sameiget som heldt møtet
- når og kor møtet vart halde
- kor mange sameigarar som var representerte
- stadfesting om at møtet godkjente innkallinga
- oversikt over kva for vedtak som er gjorde
- kven som er valde inn i styret:
For- og etternamn på personane som er valde inn og kva rolle dei skal ha
Protokollen skal vere underskriven av møteleiar og ein annan som var til stades på møtet.
Ved registrering i Føretaksregisteret må styremedlemmene bekrefte at dei tar på seg vervet.
Hovudregelen er at styret i fellesskap har signaturrett. Årsmøtet kan tildele signaturrett til to eller fleire styremedlemmar i fellesskap. Dette må gå fram av vedtektene. Annan signaturregel kan ein ikkje vedta.
Eit eigarseksjonssameige med 21 eller fleire seksjonar har plikt til å ha revisor.
Revisor blir vald av årsmøtet og må stadfeste i Samordna registermelding at han tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved:
- protokoll frå årsmøtet som viser valet
Eit eigarseksjonssameige kan velje om det skal ha rekneskapsførar.
Dersom sameiget har rekneskapsførar, skal denne rekneskapsføraren registrerast. Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.