Endre opplysningar for eit burettslag
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Om det skjer endringar på den informasjonen som er registrert på burettslaget, må du oppdatere opplysningane hos oss.
Her kan du sjå korleis du registrerer ulike opplysningar for burettslaget.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.
Ny forretningsadresse
Forretningsadressa til eit burettslag skal vere ei norsk gateadresse eller stadnamn.
Ved endring av adresse til ny kommune må vedtektene endrast. Generalforsamlinga må godkjenne ei slik endring.
Ved endring til ny kommune må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga
- oppdatere vedtekter
Ny postadresse
Om du vil at posten skal bli send til ei anna adresse enn den registrerte forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.
Når generalforsamlinga har vald nytt styre, skal du melde dette i Samordna registermelding.
Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer. Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Når du melder endring i styret må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Når burettslaget endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet eller generalforsamlinga som viser tildeling av signatur, dersom heile styre ikkje har signert i skjemaet.
Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Du registrerer ny forretningsførar ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Det er ingen krav til vedlegg for å registrere forretningsførar.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både burettslaget og du blir varsla.
Når generalforsamlinga har vald ny revisor, registrerer du dette ved å sende inn Samordna registermelding.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket.
Revisor må stadfeste at hen tar på seg oppdraget.