Rettleiing til samordna registermelding – forenkla skjema for foreiningar
Sist oppdatert: 29. mai 2026.
Slik fyller du ut skjemaet
1.1 Foreininga sitt fulle namn
Feltet skal alltid fyllast ut.
Før opp foreininga sitt namn og organisasjonsnummer. Ved nyregistrering deler Einingsregisteret ut organisasjonsnummer.
Ved endring av foreininga sitt namn må du føre opp registrert namn i felt 1.1.
1.2 Eventuelt nytt namn på foreininga
Dette feltet skal du berre fylle ut dersom foreininga melder endring av registrert namn.
Er foreininga registrert i Føretaksregisteret, kjem det gebyr på endring av namn.
I dette feltet fører du opp du kva meldinga gjeld. Ei melding kan gjelde følgande:
2.1 Registrering i Einingsregisteret
Her skal du berre krysse av dersom foreninga ikkje er registrert i Einingsregisteret frå før.
2.2 Registrering i Føretaksregisteret
Her skal du berre krysse av dersom foreininga driv næringsaktivitet, eller forventar å drive næringsaktivitet. Foreiningar som ikkje driv næringsaktivitet, kan berre vere registrert i Einingsregisteret.
Du finn meir informasjon om registreringsplikt for næringsdrivande foreiningar på Brønnøysundregistera sine nettsider.
Du må stadfeste i skjemaet at krav til næringsaktivitet er oppfylt.
Registrering i Føretaksregisteret er gebyrbelagt.
2.3 Endringar/nye opplysningar
Dersom foreininga er registrert i eitt av registra frå før og ønsker å melde endring i nokre av dei registrerte opplysningane eller har tilleggsopplysningar, kryssar du av for «Endringar/nye opplysningar».
Fyll alltid ut organisasjonsnummeret til foreininga og registrert namn i felt 1.1. I resten av blanketten fyller du berre ut dei felta endringa gjeld.
Om du vil at ei registrert opplysning skal slettast utan at den blir erstatta med nye opplysningar, skriv du «utgår» i det aktuelle feltet.
2.4 Sletting i Føretaksregisteret
Om du vil slette foreininga berre frå Føretaksregisteret, kryssar du av her. Foreiningar skal slettast frå Føretaksregisteret dersom dei ikkje lenger driv med næringsverksemd. Det vil seie foreiningar som tidlegare har drive næringsverksemd og som har slutta med dette.
2.5 Sletting frå alle register
Om du vil slette foreininga i Einingsregisteret, vil ho også bli sletta i alle tilknytte register, inkludert Frivilligregisteret og Føretaksregisteret.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer slettinga ved å erklære i skjemaet at foreininga:
- er opphøyrd, og at det finst eit gyldig vedtak frå foreininga sitt årsmøte eller tilsvarande
eller - skal fortsette å eksistere etter slettinga frå Einingsregisteret (treng ikkje vedtak frå årsmøtet eller tilsvarande)
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du må erklære opplysninga på side 7.
Har foreninga ansatte, reknar de med å få det, eller er det nokon andre som skal få lønn eller honorar?
Her skriv du inn forretnings/besøksadresse til foreininga. Med dette meiner vi gateadressa der foreininga held til, eller stadsadresse på mindre stader. Næringsdrivande foreiningar må ha forretnings-/besøksadresse.
Her fører du opp postadressen til foreininga. Riktig adresse er viktig for at posten skal kome raskt og effektivt fram. Les meir om dette hos Posten Norge.
Innsendaren vil bli brukt som adressat for alle typar tilbakemeldingar om meldinga – det vil seie at stadfestingar og andre brev, registerutskrift og liknande blir sende til den som er ført opp som innsendar. Innsendaren er også ansvarleg for å betale eventuelt gebyr til Føretaksregisteret.
Om innsendarfeltet ikkje er utfylt, blir tilbakemeldingar, krav om gebyr og liknande sende til foreninga si adresse.
Dersom innsendaren tidlegare har fått tildelt kundenummer av Brønnøysundregistra, fører du opp dette nummeret.
Dato for stiftelse
Før opp datoen då foreininga blei stifta.
Foreiningar som ikkje har nøyaktige opplysningar om dato for stiftelse, fører opp stiftelsesåret.
Opplysningane om foreininga sine aktivitetar er grunnlaget for gi foreininga næringskode.
Næringskoden blir tildelt etter Standard for næringsgruppering (SN2007). Næringskoden blir mellom anna brukt til å lage statistikk der norsk næringsliv/arbeidsmarknad blir omtalt etter næring/bransje.
Gi ei så nøyaktig framstilling som mogeleg av aktiviteten/aktivtetane som blir utført eller skal utførast.
Døme kan vere musikkorps, idrettslag og så vidare. Ved endring må ein melde frå om alle aktivitetane som blir utøvde. Dette betyr at aktivitetar som tidlegare er melde og som framleis blir utøvd må førast opp.
Om foreining driv fleire aktivitetar, må du føre opp kvar enkelt av dei i rekkefølge etter for eksempel tid og omfang.
Dersom foreininga har vald dagleg leiar eller forretningsførar skal denne rolla meldast i skjemaet.
Rolla kontaktperson skal berre meldast i dei tilfella der
- foreininga verken har vald styre, dagleg leiar eller forretningsførar, eller
- der alle desse rollene berre består av juridiske personar melde på organisasjonsnummer
Med dagleg leiar/forretningsførar meiner vi den personen som er vald til å ha den administrative leiinga av foreininga, og som med dette har myndigheit til å representere foreininga utad i forhold som fell inn under den daglege leiinga.
Daglig leder må stadfeste at hen tar på seg vervet. Dersom hen signerer i skjemaet, er det ingen krav til vedlegg, men du må dokumentere val/tilsetting ved å erklære i skjemaet at:
- dagleg leiar er gyldig vald/tilsett av foreininga sitt styremøte eller anna kompetent organ
- det finst ein protokoll som viser val/tilsetting av dagleg leiar
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du må erklære opplysninga på side 6.
Dersom dagleg leiar ikkje signerer i skjemaet, må de legge ved ei særskild viljeserklæring.
Fødselsnummer/d-nummer/organisasjonsnummer
Enkeltpersonar: Pass på å få med fødselsnummer i tillegg til namn og bustadadresse.
Juridiske personar: Gi opp organisasjonsnummer og forretningsadresse.
Utanlandske personar: Personar utan norsk fødselsnummer må gi opp d-nummer.
Skriftleg kommunikasjon til foreininga vil skje på vald målform.
Dette feltet skal berre brukast dersom foreininga skal registrerast i Føretaksregisteret. Gi opp datoen då vedtektene blei fastsette eller endra.
Vedtektene må alltid vedleggast ved nyregistrering. Ved endringar av vedtektene må det vedleggast eit ajourført eksemplar, saman med protokoll frå årsmøtet som viser vedtak om vedtektsendring.
Dersom foreininga har eit styre, må du oppgi kven som er styret sine medlemmer. Det er berre rollene styreleiar, styremedlem og varamedlem som kan registrerast.
Hugs å ha etternamn og fødselsnummer på styremedlemmene og varamedlemmene tilgjengelige før du startar.
Hugs å melde alle styremedlemmene og varamedlemmene i skjemaet.
Personar utan norsk fødselsnummer må oppgi d-nummer.
I Føretaksregisteret skal du i tillegg oppgi om styrerepresentanter er valde av og blant dei tilsette i foreininga.
Styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, enten ved at dei signerer i skjemaet eller at det blir lagde ved særskilde viljeserklæringar.
Ingen vedlegg, men du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjemaet at:
- styret er gyldig valt av foreninga sitt årsmøte eller anna kompetent organ
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du må erklære opplysninga på side 6.
Dersom nokon er tildelt signaturrett, må du opplyse om det her.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av foreininga i alle samanhengar. Signatur gir for eksempel rett til å ta opp lån, kjøpe eller selje fast eigedom på vegner av foreininga.
Dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene, er det foreininga sitt styre som har signaturrett i fellesskap. Styret kan i tillegg tildele signaturretten til enkelte styremedlemmer, dagleg leiar eller til navmgitte personar, kvar for seg eller i fellesskap.
Dersom ingen av standardalternativa i blanketten passar, kan du oppgi signaturregelen under «Annan signaturregel».
Er signaturrett gitt til namngitte personar, må du oppgi namnet, adressa og fødselsnummeret/d-nummeret deira i feltet «Annan signaturregel».
Dersom fleire har signaturrett, må du presisere om dei har retten kvar for seg eller i fellesskap. Ved endringar av dei registrerte opplysningane om signatur, må du oppgi alle som skal ha signaturrett etter endringa.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer signaturretten ved å erklære i skjemaet at:
- signaturrett er gyldig vedtatt av foreininga sitt årsmøte eller anna kompetent organ
- det finst ein protokoll som viser siste vedtatte signaturrett og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du må erklære opplysninga på side 6.
Det blir berre registrert prokura på næringsdrivande foreiningar som skal registrerast i Føretaksregisteret.
Dersom nokon er tildelt prokura, må du opplyse om det her.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av foreininga i det meste som angår drifta. Prokura kan ikkje brukast til å hefte eller selje foreininga si faste eigedom. Ein person som har fått tildelt prokura blir kalla prokurist.
Prokura kan enten bli gitt til rolleinnehavar(ar) eller namngitt(e) person(ar). Dersom ingen av standardalternativa i blanketten passar, kan du oppgi prokura under «Annan prokuraregel».
Er prokura tildelt namngitte personar, må du oppgi namnet, adressa og fødselsnummeret/d-nummeret i feltet «Annan prokuraregel».
Dersom fleire har prokura, må det presiserast om dei har retten kvar for seg eller i fellesskap. Ved endring av registrerte opplysningar om prokura, må de oppgi samtlege som skal ha prokura etter endringa.
Ein person som har prokura, kan ikkje overføre han til ein annan person.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer prokura ved å erklære i skjemaet at:
- det finst ein protokoll som viser gyldig vedtak om prokura og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krejve å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du må erklære opplysninga på side 6.
Dersom foreiniga har revisor skal dette meldast her.
Vi registrerer berre revisorar eller revisjonsføretak som er registrerte i Revisorregisteret hos Finanstilsynet.
Foreininga har plikt til å ha revisor dersom ho har:
- eit gjennomsnittleg antal tilsette som tilsvarar ti årsverk eller meir
- balansesum som er 27 millionar kroner eller meir
- driftsinntekter for den samla verksemda si på 7 millionar kroner eller meir
Revisor må stadfeste å ha tatt på seg oppdraget, enten ved å skrive under i feltet eller ved å legge ved ei særskild viljeserklæring.
Skal du melde revisor, og foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må du dokumentere opplysninga ved å erklære i skjemaet at:
- revisor er engasjert av kompetent organ
- det finst dokumentasjon som viser sist engasjerte revisor og at det er i samsvar med det som er meldt
Du må erklære opplysninga på side 7.
Om foreininga har ein rekneskapsførar som er autorisert av Finanstilsynet og registrert i Rekneskapsførarregisteret, må opplysningar om dette meldast her.
Rekneskapsføraren må stadfeste å ha påteke seg oppdraget, anten ved å skrive under i feltet eller ved å legge ved ei eiga viljeserklæring.
Skal du melde rekneskapsførar, og foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må du dokumentere opplysninga ved å erklære i skjemaet at:
- rekneskapsførar er engasjert av kompetent organ
- det finst dokumentasjon som viser sist engasjerte rekneskapsførar og at det er i samsvar med det som er meldt
Du må erklære opplysninga på side 7.
Her melder du opplysningar som ikkje kan meldast i dei andre felta i blanketten. Legg ved ekstra ark dersom det blir for liten plass.
Varslingsadresse er ei pliktig opplysning.
Varslingsadresse skal berre leggast inn på nye verksemder.
Varslingsadressene vil bli brukt av det offentlege for å varsle verksemda når viktige meldingar er tilgjengelege i Altinn. Opplysningane er berre tilgjengelege for offentlege myndigheiter.
Skal du endre desse opplysningane seinare, gjer du det under profilen til verksemda i Altinn.
Verksemda må ha minst ei varslingsadresse.
Meldinga må vere underskriven for at ho skal bli godkjent. Den/dei som skriv under på meldinga, stadfestar med underskrifta si at opplysningane som er gitt i blanketten, er korrekte.
Kven som skal skrive under, avheng av kva register foreininga skal registrerast i:
Melding til Einingsregisteret skal vere underskriven av enten den med signaturrett, eit styremedlem, dagleg leiar, forretningsførar eller kontaktperson.
Melding til Føretaksregisteret skal underskrivast av den med signaturrett eller alle styremedlemmer. Er det ikkje valt eit styre, skal meldinga underskrivast av dagleg leiar, eller av forretningsførar dersom det verken finst styre eller dagleg leiar. Manglar alle desse rollene skal meldinga vere underskriven av kontaktperson.
Nyvalte styremedlemmer som ikkje har underskrive meldinga, må legge ved ei signert stadfesting som viser at dei har tatt på seg vervet.
Ver oppmerksam på at vi krev original underskrift i alle tilfelle.
På side 6 og 7 skal du erklære at krava til dokumentasjon er oppfylte ved
- tilsetting av dagleg leiar
- val av styre
- vedtak om signaturrett
- vedtak om prokura (gjeld kun ved registrering i Føretaksregisteret)
- val av revisor (gjeld kun ved registrering i Føretaksregisteret)
- val av rekneskapsførar (gjeld kun ved registrering i Føretaksregisteret)
- vedtak om sletting frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret
Når du kryssar av for at krava til dokumentasjon er oppfylte, er det ingen krav om vedlegg på desse opplysningane.