Stiftelsesdokument for aksjeselskap
Sist oppdatert: 27. april 2026.
For å stifte eit aksjeselskap må du lage eit stiftelsesdokument.
24. mai stenger Elektronisk stiftelse i Altinn
Dersom de bruker denne tenesta, må stiftarane ha signert og mottatt stiftelsesdokumentet før denne datoen.
Frå og med 24. mai må de enten bruke digital selskapsetablering, andre tilbydarar av digital stiftelse eller PDF-malen vår.
Dokumentet skal opprettast av stiftarane. Stiftarane er dei som teiknar aksjar i selskapet. Dette kan vere ein eller fleire fysiske eller juridiske personar (som for eksempel aksjeselskap eller ansvarleg selskap).
Stiftelsesdokumentet skal innehalde
- namnet/føretaksnamnet, adressa og fødselsnummeret/organisasjonsnummeret til stiftarane
- kor mange aksjar kvar av stiftarane skal teikne
- beløpet som du skal betale for kvar aksje
- tidspunktet for oppgjer av aksjeinnskot
- opplysningar om kven som skal vere medlemmar av styret til selskapet
- opplysningar om selskapet skal dekke utgiftene ved stiftelsen eller ikkje
- vedtektene til selskapet
Utanlandske personar som er stiftarar treng berre å føre opp namn, fødselsdato og adresse. Er det ei utanlandske verksemd, må du føre opp stiftar sitt føretaksnamn og adresse. Er stiftar ei norsk eller utanlandsk verksemd må du i tillegg føre opp kven som representerer stiftaren.
Stiftelsesdokumentet skal vere datert og signert av alle stiftarane.
Stiftelsesdokumentet skal også vise eventuell informasjon om
- aksjeinnskotet skal kunne gjerast opp med andre eigedelar enn pengar
- nokon skal ha særskilde rettar ved stiftelsen
- val av revisor dersom selskapet skal ha revisor
Sjå eksempel på stiftelsesdokument (pdf)
Ønsker du meir informasjon om det å stifte eit aksjeselskap, kan du sjå aksjelova kapittel 2.