Rettleiing – tillegg for registrering i Frivilligregisteret

Sist oppdatert: 4. oktober 2016 .

Slik fyller du ut skjemaet

1 Innsendar

Innsendar vil bli nytta som kontaktperson for tilbakemeldingar knytte til denne blanketten.

Om innsendarfeltet ikkje er utfylt, vil alle tilbakemeldingar bli sende til eininga si adresse.

Om innsendar tidlegere har fått tildelt kundenummer av Brønnøysundregistra, fører du opp dette nummeret.

2 Namnet til eininga

Før opp det fulle namnet/føretaksnamnet og organisasjonsnummer til eininga.

3 Meldinga gjeld

3.1 Registrering av ny eining

Om eininga ikkje er registrert i Frivilligregisteret, kryssar du av her.

3.2 Endringar/nye opplysningar

Om eininga ønskjer å melde endring i nokre av dei registrerte opplysningane eller har tilleggsopplysningar, kryssar du av for «Endringar/nye opplysningar». Fyll alltid ut organisasjonsnummeret, og det registrerte namnet til eininga i felt 2.1, og dei felta endringa gjeld. Om du vil at ein registrert opplysning skal slettast utan at ho blir bytta ut med nye opplysningar, skriv du «utgår» i det aktuelle feltet.

3.3 Sletting

Om du berre vil slette eininga frå Frivilligregisteret, kryssar du av her. Skal eininga derimot slettast også frå Einingsregisteret, Føretaksregisteret eller Stiftingsregisteret, må du nytte «Samordna registermelding Del 1 – Hovudblankett» eller «Forenkla registermelding Del 1 – Blankett for sletting». Ved sletting i Einingsregisteret vil eininga også bli sletta i alle tilknytte registre, inkludert Stiftingsregisteret og Føretaksregisteret.

4. Kategori

I dette feltet må du gje opplysningar om kva slags verksemd eininga driv.

Du må føre opp verksemdskodar frå tabellen nedanfor. NB! Det er ikkje nok å føre opp hovudkode. Opplysning førast opp på underkodenivå, til dømes: kode 1 100, Kunst og kultur.

Om eininga driv fleire typar verksemd, er det mogleg å melde opplysning om inntil tre kategoriar. Kategoriane må rangerast etter omfang.

Døme:

Eit grendelag driv med forskjellige aktivitetar knytt til det lokalsamfunnet det hører heime i, nærmast som ei velforeining. I tillegg driv dei nokså mykje med teateroppsetjingar.

De melder då kategori slik:

  • 6 100, Lokalsamfunnsutvikling, rangert som nummer 1
  • 1 100, Kunst og kultur, rangert som nummer 2

Om du vil endre opplysningar om kategori, må du føre opp alle kategoriar. Det vil seie at kategoriar som tidligare er meld og som framleis skal vere registrerte, må førast opp på nytt.

5.1 Registrering av vedtekter

Kryss av om du ønskjer at foreininga skal registrere vedtektene sine. Det er viktig å vere klar over at når de har tatt på dykk å registrere vedtektene, har de også tatt på dykk å registrere alle framtidige endringar av desse. Dette blir gjerast ved å sende oss ei melding om endring, samtidig som nye, oppdaterte vedtekter leggjast ved. Det er mogleg både å ta på seg og seie ifrå seg denne plikta ved eit seinare høve.

5.2 Gjeldande vedtekter er endra

Har foreninga vald å registrere vedtektene sine, har dei samtidig påtatt seg ei plikt til å registrere endringar/oppdateringar av desse. Ved innsending av melding om endring av dei registrerte opplysningane, må du gjere oss merksam på at dei gjeldande vedtektene er endra/oppdaterte her.

Dei endra/oppdaterte vedtektene leggjast ved.

6 Årsrekneskap i Frivilligregisteret – feltet gjeld berre for foreiningar

Det er mogleg for foreiningane sjølve å ta på seg plikt til årleg innsending av årsrekneskap. Ein grunn til å gjere dette, kan vere ønskje om at andre enkelt skal få tilgang til rekneskapsopplysningeae. Einingar som har tatt på seg innsendingsplikt for årsrekneskap vil framstå som opne og ryddige, ettersom rekneskapsopplysningane då vil vere tilgjengelege for alle, via Rekneskapsregisteret.

Om foreining velg å ta på seg innsendingsplikt, må dee sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret kvart år.

Kravea som blir stilte til årsregnskapen som skal sendast inn, er annleis og enklare enn krava som er stilte i rekneskapsloven. Nærmare opplysningar om desse reglane finn du i forskrift om register for frivillig verksemd. Ver merksam på at foreiningar som har alminneleg rekneskapsplikt etter rekneskapsloven ikkje kan nytte seg av desse særreglane. Desse foreiningane skal sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret etter dei ordinære reglane.

Svarer du «Ja» på spørsmålet om foreininga tar på seg plikt til å rapportere rekneskap, må du føre opp avslutningsdato for årsrekneskapen.

Om rekneskapsperioden blir endra, må du føre opp frå kva rekneskapsår endring gjeld, og ny avslutningsdato.

Om foreininga ikkje lenger ønsker innsendingsplikt, kan de sende melding om dette til Frivilligregisteret.

I Altinn kan du laste ned skjema for innsending av årsrekneskap

7 Grasrotdelen

Registrering i Frivilligregisteret er eit vilkår for at ein organisasjon skal kunne ta imot midlar gjennom grasrotdelen. Denne odninga går ut på at spelarar som nyttar tenester frå Norsk Tipping skal kunne fastsetje at inntil fem prosent av innsatsen skal gå til ei bestemt foreining eller annan frivillig organisasjon.

Spelaren kan berre velje mellom dei som er registrerte i Frivilligregisteret. Registrering i Frivilligregisteret kan altså gi eininga di høve til nye inntekter. Dersom eininga vil delta i grasrotdelen, kryssar du av for «Ja» i dette feltet.

Ver merksam på følgjande: Om du kryssar av for «Ja» i dette feltet, stadfestar du samtidig at eininga di driv eiga verksemd berre på lokalt eller regionalt plan. Foreiningar som er paraplyorganisasjonar for lokale lag kan ikkje delta i grasrotdelen.

Foreiningar som ikkje ønskjer å delta i grasrotdelen, kan reservere seg mot deltaking ved å krysse av for «Nei» i dette feltet.

For å ha rett til å delta i grasrotdelen, må i tillegg den verksemda som blir driven vere av ein bestemt art. Avgrensingane her er for det meste, men ikkje berre, basert på den kategoriseringa som blir registrert i Frivilligregisteret.

Detaljerte reglar
Foreiningar som driv verksemd innanfor minst ein av følgjande kategoriar, kan delta i grasrotdelen:

1 – Kultur og rekreasjon
4 – Sosiale tenester
5 – Natur- og miljøvern
8 – Legat og fremje av frivilligheit
9 – Internasjonale organisasjonar
10 – Trus- og livssynsorganisasjonar
12 – Andre
13 – Barne- og ungdomsorganisasjonar
14 – Mangfald og inkludering

2 – Utdanning og forskning

Organisasjonar som berre driv verksemd innanfor hovudkategorien utdanning og forsking kan ikkje delta i grasrotdelen.

3 – Helse

Kan delta i grasrotdelen, men ikkje dei organisasjonane som driv sjukehus, psykiatriske institusjonar, pleieheim eller nokon form for private helseklinikkar.

6 – Bustad- og lokalmiljø

Kan ikkje delta i grasrotdelen. Unnatak gjeld for velforeiningar, som likevel har rett til å delta.

7 – Politiske- og interesseorganisasjonar

Kan delta i grasrotdelen, men ikkje dei organisasjonane som utgjer politiske parti. Dei politiske partia sine ungdomsorganisasjonar kan likevel delta.

11 – Yrkes-, bransje- og fagforeiningr

Kan ikkje delta i grasrotdelen. Unnatak gjeld for elev- og studentorganisasjonar som likevel har rett til å delta.

Aktivitet i fleire kategorier

Det held at organisasjonen er registrert i minst ein kategori som gir rett til å delta i grasrotdelen. At dei eventuelt også er registrerte i ein eller fleire kategoriar som ikkje kan delta i ordninga, har inga betydning.

Kan ikkje nytte seg av betalt reklame

Foreiningar som mottar grasrotmidlar kan ikkje nytte seg av betalt reklame for å få spelarer til å gi andelen sin til si foreining, sjå grasrotforskrifta § 9, d. Likevel har alle lag og foreiningar høve til å publisere i eigne kanalar, hengje opp materiell og dele ut vervekort og vervebrev.

Fiktiv foreining

Det er ikkje tillatt å opprette ei foreining berre for å få utbetalt grasrotmidlar, sjå grasrotforskrifta § 9, e. I slike tilfelle kan ei slik «forening» bli pålaga å betale attende grasrotandelmidlane. Grasrotdelen blir forvalta av Norsk Tipping, som har meir informasjon om ordninga.

8 Kontonummer

Om du har kryssa av for «Ja» til deltaking i grasrotdelen, må kontonummeret til eininga førast opp.

Er ikkje kontonummer ført opp, eller feil slik at Norsk Tipping ikkje får betalt ut grasrotdelen, vil foreininga miste retten til opptjente midlar, sjå grasrotforskrifta § 3, b.

Andre kan velge å registrere kontonummeret sitt i Frivilligregisteret. Det gjer at dei som måtte ha bruk for det, for eksempel gjevarar, lett kan finne foreninga sitt kontonummer.

9 Underskrift

Meldinga må være underskriven for at ho skal bli godkjend. Den/dei som skriv under på meldinga, stadfestar med underskrifta si at opplysningane som er gjevne i blanketten, er riktige.

Kven som skal skrive under, avheng av kva register foreininga skal registrerast i: Om meldinga berre gjeld Einingsregisteret eller Frivilligregisteret, skal ho underteiknast av anten dagleg leiar, forretningsførar eller kontaktperson, eller av alle styremedlemene.

Om meldinga gjeld Føretaksregisteret, skal ho underteiknast av den/dei som har signaturrett eller av alle styremedlemene. Nyvalde styremedlemer som ikkje har underteikna meldinga, må vedlegge villigheitserklæring som stadfestar at dei har påteke seg vervet.

Nødvendige vedlegg ved nyregistrering og endringar i Frivilligregisteret

Nyregistrering:

Vedtekter

Endringar:

Ajourførte vedtekter ved registrering av vedtekter